Dårlege matvanar har mykje av skulda for overvekt hos barn og unge.

ILLUSTRASJONSFOTO: Svein Erik Dahl / NTB scanpix

Fedmeforskar vil avlive slanke-myte

HelseOverlege Rønnaug Ødegård ved St. Olavs hospital i Trondheim vil avlive myten om at det hjelper å trene for å gå ned i vekt.

  • © NTB
  • Publisert:

Ødegård forskar på fedme og overvekt ved Regionalt senter for fedmeforsking og innovasjon ved St. Olavs hospital. Ho seier til NRK at påstanden om at det hjelper å trene, gjer det unødvendig komplisert å gå ned i vekt.

Fakta om fedme hos barn og unge

  • 1 av 6 norske barn og unge lir av overvekt eller fedme. Dei tala har vore stabile dei siste åra for barn, men er litt aukande blant ungdom.
  • Blant åtteåringane er 13 prosent av gutane og 17 prosent av jentene overvektige eller har fedme.
  • Tal frå verneplikts-sesjonane viser at om lag 23 prosent av syttenåringane er overvektige eller lir av fedme.
  • Det er mindre overvekt og fedme hos barn i familiar der dei vaksne har vidaregåande eller høgskule-utdanning.
  • Prosentdelen overvektige barn er 50 prosent høgare på landsbygda enn i byane.

(Kjelder: The Lancet, Barnehelserapporten, "Effekt av tiltak for barn og unge med overvekt eller fedme" FHI 2016 og Norsk Pasientregister)

– Det held i massevis å ete mindre, seier Ødegård.

– Dette meiner eg er noko vi har synda mot tidlegare. Vi har halde opp fysisk aktivitet og trening som ein nødvendig komponent for å gå ned i vekt. Det er det absolutt ikkje. Forskinga viser oss dette heilt klart både for barn og vaksne, seier Ødegård.

Det er vanskeleg å trene nok

Det er tre hovudgrunnar til at trening ikkje verkar.

Det svært vanskeleg å auke aktiviteten nok. Det skal mykje til at du forbrenn nok kaloriar til å gå ned i vekt.

Folk som trenar, droppar gjerne annan aktivitet, mellom anna fordi dei er så fornøgde med å ha trena. Det gjeld også hos barn og unge, viser studiar.

Ein får auka appetitt etter trening

Mange blir svoltne og et meir etter at dei har trena. I tillegg gir vi oss sjølv ei påskjønning i form av mat eller noko anna å ete etter treninga.

– Trening har ein tydeleg plass i fedme-behandlinga, men ikkje som vekt-reduserande tiltak i seg sjølv, seier Ødegård.

Det ho vil til livs, er den offentlege «sanninga» om at du må trene for å gå ned i vekt.

Informasjonen må stemme

– Informasjonen som når ut til folk, må vere rett. Det er viktig for folke-opplysninga å få ut sanninga om dette, seier Ødegård.

Ho meiner det er uetisk når legar og styresmakter seier at trening hjelper for å gå ned i vekt.