Køen av menneske som ventar på nye organ, veks. Det har fått legane til å slå alarm. Transplantasjonar reddar mange menneskeliv.

Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Færre organdonasjonar enn på ti år

HelseTalet på organdonasjonar er lågare enn på mange år. For å få bukt med den veksande køen av personar i organkø, går ein overlege ved Sjukehuset i Vestfold inn for å fjerne veto-retten for pårørande.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

Statistikk frå Oslo universitetssjukehus viser at talet på organdonasjonar i tredje kvartal 2018 var lågare enn på ti år.

Fakta om organdonasjon

  • Organdonasjon er når ein organdonor gir eitt eller fleire livsviktige organ til andre, slik som hjarte, nyrer og lever.
  • Dei fleste organa kjem frå avdøde givarar, men i Noreg kjem no cirka 25 prosent av alle transplanterte nyrer  frå levande givarar.
  • Føresetnaden for donasjon av livsviktige organ, er at donoren er hjernedød.
  • Når organ frå ein avdød donor blir transplantert til ein levande pasient, er det i praksis familien som avgjer om det kan skje. Avgjerda skal byggje på det dei trur den avdøde sjølv ønskte.
  • Organa som kan donerast, er nyrer, lever, hjarte, lunger, bukspyttkjertel og tarm.
  • Ulike typar vev som hornhinne, beinvev, sener, hjarteklaffar og blodårer kan òg donerast til transplantasjon.
  • Den første vellykka transplantasjonen av nyrer hos menneske skjedde i Boston i 1954. Då var givaren og mottakaren einegga tvillingar.
  • Allereie to år seinare gjennomførte Rikshospitalet i Oslo den første transplantasjonen av nyre i Noreg og Norden. Etter den tid har det vore transplantert både hjarte, lever, lunger og bukspyttkjertlar i Noreg.

Kjelde: norod.no

Ved utgangen av september i fjor hadde 290 pasientar fått 319 organ frå ulike donorar. På same tid året før hadde 355 pasientar fått 395 organ. Det er særleg transplantasjonar av nyrer det har vorte færre av. Det går fram av ei pressemelding frå Stiftelsen Organdonasjon.

Færre moglege donorar

Ifølgje statistikken melde sjukehusa også inn færre potensielle donorar – 224 – enn i same kvartal i 2017. Då var talet 251.

Ein potensiell donor er ein pasient som mest truleg kjem til å døy innan kort tid, og der legane vurderer om nokon andre kan ha bruk for nokre av organa.

Dei fleste vil vere donorar

Samtidig kjem det fram at mange er villige til å donere organ. I meir enn tre av fire tilfelle der organdonasjon var aktuelt (77 prosent), svarte dei pårørande ja.

Overlege vil fjerne vetoretten hos pårørande

Dei pårørande kan også seie nei. Denne veto-retten går overlege og seksjonsleiar Stig Arne Kjellevold ved Sjukehuset i Vestfold inn for å fjerne.

I dag kan pårørande nekte organdonasjon når den døde sjølv ikkje har tatt stilling til det mens han eller ho var i live. Kjellevold forstår at det kan vere lettare å seie nei enn ja for folk som samtidig er i sjokk og sorg.

Lova bør endrast

Kjellevold meiner lova bør endrast slik at alle kan bli donor. Unntaket er dei som sjølv har sagt nei og tatt eit aktivt standpunkt til det.

– Alle som døyr og kan brukast som organdonorar, bør vere det uavhengig av kva dei pårørande meiner, seier Kjellevold.

Fleire må melde seg som donor

Maria Jahrmann Bjerke er statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet. Ho fryktar at færre vil ønskje organdonasjon dersom dei blir tvinga til å donere bort organa til den som nettopp har døydd.

I staden for tvang vil departementet i staden jobbe for å få fleire til å melde seg som donorar.

Legane fekk 39 avslag

I fjor fekk legane 39 avslag frå døde eller pårørande til å bruke organ til transplantasjon. Samtidig har køen av menneske som ventar på transplantasjon av organar, vakse frå 268 til 430 sidan 2009. Det viser tal NRK har henta inn frå Oslo universitetssjukehus.

Når det gjeld nyrer, har talet på personar som ventar på transplantasjon, auka fra 173 i 2009 til 341 i 2018. Dette er den største pasientgruppa. Med 39 avslag frå pårørande i fjor kan det bety at 78 nyrer ikkje kom til nytte.