Mange ungdomsskule-elevar synest skulen er stressande.

Illustrasjonsfoto: Berit Roald / NTB scanpix

Sju av ti elevar synest ungdomsskulen er stressande

HelseEi ny undersøking viser at mange elevar i ungdomsskulen blir stressa av prøver. For tre av ti går det ut over nattesøvnen.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

Forskarar ved Universitetet i Søraust-Noreg har spurt om lag 700 elevar i ungdomsskulen om psykisk stress og uro i skule-kvardagen. Det er NRK som skriv om resultata.

Fakta om ulike typar stress

  • Stress er eit overlevingsinstinkt, som gjer at vi kan reagere på fare. Vi ønskjer også å  mobilisere energi i kroppen når vi skal prestere. Stress er derfor positivt òg.
  • Negativt stress kan gi fleire fysiske og psykologiske utslag.
  • Fysiske symptom kan vere søvnvanskar, spente musklar, hovudpine, mageproblem og generell trøyttleik.
  • Dei psykologiske symptoma på stress kan generelt vere angst, humør-svingingar og andre psykiske problem.
  • Arbeidsstress - på grunn av problem på arbeidsplassen/skulen.
  • Familiestress - det kan få alvorlege konsekvensar for ein person når det er familieproblem som fører til stress.
  • Kronisk stress - viss ein person har opplevd lange periodar med samanhengande og ubehandla stress, kan det ha negative effektar på kropp og sinn. For mykje stress kan til slutt gjere at ein til sist blir fysisk sjuk.
  • Uspesifisert stress - når den eksakte årsaka til stress er ukjent, men ulike symptom er synleg.

Kjelder: gomentor.no, ung.no

Engstar seg

Sju av ti av dei spurde opplever skule-arbeidet som stressande, mens tre av ti engstar seg i så stor grad at dei søv dårleg natta før dei skal ha prøver.

Undersøkinga viser òg at jenter slit i større grad enn gutar.

Somme gir opp

Marie-Lisbet Amundsen har gjort studien saman med Per Einar Garmannslund. Begge er professorar ved Universitetet i Søraust-Noreg.

Amundsen fortel at ein del elevar føler at skulen forventar meir av dei enn dei er i stand til å prestere.

– I slike situasjonar reagerer ein på ulike måtar. Mens somme gir opp, kan andre slite seg heilt ut i forsøket på å prestere like godt som dei jamaldrande, seier Amundsen.

– Vi veit at manglande motivasjon og psykiske vanskar er hovudårsaka til at ungdom ikkje fullfører vidaregåande utdanning. Det er eit nederlag for den norske skulen at mange mister all tru på eigne evner og ressursar i ungdomsskulen, seier ho til NRK.

Mange prøver

Haust-semesteret nærmar seg slutten. Dei siste vekene har tiendeklassen på Groruddalen ungdomsskule i Oslo hatt fire tentamenar, tre prøver og éi fordjupingsoppgåve.

Femten-åringane Rasmus Tidemandsen og Simrat Kaur synest det er krevjande med så mange prøver.

– Når det blir for mange prøver, veit eg ikkje kva eg skal øve på. Då øver eg enten litt på alt og gløymer det fort, eller så øver eg for mykje på éin ting og hugsar ikkje noko på dei andre, seier Tidemandsen til NRK.

– Vi søv ikkje så godt om natta når det er mange prøver. Derfor prøver vi å hjelpe kvarandre. Vi stressar nok litt meir enn gutane, seier Kaur.