Noreg er det nest mest likestilte landet i verda, der regjeringa blir leidd av tre kvinnelege  partileiarar: kulturminister Trine Skei Grande (V, til venstre), statsminister Erna Solberg (H) og finansminister Siv Jensen (Frp).

Arkivfoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Noreg er det nest mest likestilte landet i verda

SamfunnNoreg kjem på andreplass på ei ny global rangering av likestilling. Berre islendingane er meir likestilte enn oss.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

Det er World Economic Forum som lagar likestillingsbarometeret, som tar for seg likestillingssituasjonen i 149 land. Landa får ein samla poengsum frå 0 til 1. Poengsummen byggjer på kor godt landa scorar på fire område: økonomisk deltaking og moglegheiter, utdanningsnivå, helse og overleving og dessutan politisk deltaking.

Fakta om likestilling

  • Kvinner og menn skal ha like rettigheter og muligheter innen alle vesentlige livsområder.
  • Sentralt i likestilling er en lik fordeling av makt og innflytelse.
  • Samme muligheter til økonomisk uavhengighet.
  • Like muligheter i yrkesvalg, arbeid og utviklingsmuligheter i arbeidslivet.
  • Samme rett til utdannelse, samme mulighet til utvikling av personlige interesser.
  • Delt ansvar for hjem og barn.
  • Frihet fra kjønnsrelatert vold.

Kilde: Wikipedia

Noreg på toppen lenge

Noreg og Island har vore nummer éin og to på lista gjennom fleire år. Unntaket var 2016, då Finland gjekk forbi Noreg. Finnane ligg i år på ein fjerdeplass, rett bak Sverige, som har tredjeplassen.

Dei andre landa på topp-ti-lista er Nicaragua, Rwanda, New Zealand, Filippinane, Irland og Namibia. Dei sju første landa har alle ein poengsum på over 0,8, noko som indikerer at desse landa er meir enn 80 prosent likestilte. Eit land med perfekt likestilling hadde fått poengsummen 1.

Likestilt utdanning

Noreg får 0,835 poeng, noko som betyr at vi er 83,5 prosent likestilte. Innanfor utdanning oppnår både Noreg og Island 0,999 poeng. Likevel er vi berre på 41.-plass i denne kategorien, ettersom mange land får full pott og 1 poeng.

Mange gode på helse

Helse er det området der det er minst skilnader mellom landa i verda. Her får Noreg 0,972 poeng og hamnar på ein 95.-plass. Innan politikk er vi på ein tredjeplass med ein poengsum på 0,563.