"Dei gule vestane" har fylt gatene i Frankrike dei siste vekene. Dei protesterer mot politikken til president Emmanuel Macron. Demonstrantane meiner politikken går verst utover folk som har dårleg råd.

Foto: Claude Paris/AP/NTB scanpix

Macron: Protestane kjem av 40 års misnøye

PolitikkPresident Emmanuel Macron har auka minste-lønna som plaster på såret etter stor-protestane i Frankrike. Han seier han har forståing for misnøya blant folk.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

Minste-lønna skal hevast med oppunder 1.000 kroner i månaden frå neste år. Det skal heller ikkje lenger vere skatt på overtids-jobbing. Det sa presidenten i ein 13 minutt lang fjernsyns-tale til nasjonen måndag kveld.

Fakta om dei gule vestane i Frankrike

  • Rørsla dei gule vestane starta som ein protestaksjon mot dyrare bensin og høgare levekostnader i Frankrike.
  • Den franske regjeringa har dei siste fem åra auka avgiftene på klimautslepp. For diesel har avgiftene auka med om lag 2,50 kroner per liter.
  • Tidlegare i år vart avgifta auka med om lag 70 øre på diesel og 40 øre på bensin. Frå nyttår har regjeringa varsla å auke klimaavgifta på diesel med vel 60 øre og på bensin i underkant av 30 øre.
  • Etter dei store protestane varsla regjeringa tysdag at dei legg den planlagde auken av drivstoffavgifter og straumprisar på is.
  • Dei gule vestane starta som ei grasrot-rørsle utan tilknyting til politiske parti eller fagorganisasjonar. Rørsla har inga offisiell leiing.
  • Førre veke viste ei meiningsmåling at om lag 66 prosent av franskmennene støttar rørsla.
  • For to veker sidan deltok om lag 300.000 menneske i demonstrasjonar over heile Frankrike, og førre helg deltok over 100.000. Militante folk frå både høgre- og venstresida og dessutan kriminelle gjengar har blanda seg inn i rørsla. Politiet seier det er dei som står bak dei største øydeleggingane.

Minste-lønna i Frankrike er i år 1.498 euro før skatt og 1.185 euro etter skatt. Det svarer til om lag 14.500 og 11.500 kroner.

Macron har òg avlyst ein upopulær skatteauke for pensjonistar. Han seier at auken er «urettferdig» og varslar skatte-tiltak for dei som har låg lønn.

Arbeidsgivarar som har råd til det, bør gi dei tilsette ein lønns-bonus ved utgangen av året. Den skal vere skattefri, sa presidenten.

Innrømming

Macron innrømde at han delvis er ansvarleg for å ha fyrt opp under drivstoff-protestane. Han sa at han har forståing for at «somme vart såra av utsegnene mine», og at folk bli sinte og oppgitte over levekostnadene. Førti års misnøye ligg bak protestane, sa han.

Men presidenten slo òg fast at dei som er ansvarlege for dei valdelege protestane, skal stillast til ansvar for det dei har gjort.

– Det finst ikkje noko sinne som rettferdiggjer angrep på politi eller plyndring av butikkar, sa Macron.

Samla nasjon

Finansministeren i Frankrike, Bruno Le Maire, seier dei nye tiltaka skal rettast mot den franske arbeidarklassen.

– Vi er klare til å gjere det som trengst, seier han til radiostasjonen RTL.

– Det viktige no er å få avslutta krisa, få ro og orden og samle landet igjen, seier han.

Ifølgje Le Maire har demonstrasjonane til no kosta Frankrike 0,1 prosent av bruttonasjonalproduktet (BNP).

– Det betyr færre jobbar. Det betyr mindre velstand for heile landet, seier finansministeren.

Demonstrantar frå «dei gule vestane» følgde TV-talen til  Frankrikes president Emmanuel Macron. Macron kunngjorde der at han vil gjere om på ein del av dei reformene som har ført til protestane.

Foto: Reuters/ NTB scanpix

Nye demonstrasjonar

Demonstrantar iført gule vestar har sidan midten av november protestert mot planane til regjeringa om å auke bensin- og dieselavgiftene. Demonstrasjonane har etter kvart utvikla seg til å bli ein breiare protest mot regjeringa. Ein del demonstrantar har kravd at Macron må gå av.

– Macron er der berre for dei rike, ikkje for alle franskmenn. Det sa den 68 år gamle pensjonisten Jean-Pierre Meunuer under ein demonstrasjon i Paris førre laurdag.

Det er uvisst om dei forsonande orda og tiltaka til Macron er nok til å stoppe misnøya.

Representantar for demonstrantane har varsla nye protestar til helga.