Fredsprisvinnarane Nadia Murad og Denis Mukwege vinkar til fakkeltoget på Karl Johan frå balkongen på Grand Hotell i Oslo.

Foto:Heiko Junge / NTB scanpix

Folket hylla fredspris-vinnarane

SamfunnFleire tusen møtte fram for å hylle fredsprisvinnarane Nadia Murad og Denis Mukwege. Bodskapen frå dei to er krystall-klar: Det er nok sympati, verda må handle.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

Fredspris-vinnarane og kronprins-paret vart tekne imot av skuleelevar frå Oslo då dei kom til fredspris-festen som Redd Barna arrangerte på Nobels Fredssenter måndag.

Fakta om fredsprisvinnarane

  • Nadia Murad vart fødd i 1993 i landsbyen Kojo i Sinjar-provinsen nord i Irak.
  • Høyrer til den etnisk-religiøse folkegruppa yazidi, som muslimane ikkje reknar som rett-truande .
  • Mista begge foreldra og seks av dei ni brørne sine då IS starta eit folkemord på yazidiane frå 3. august 2014.
  • Bortført av IS saman med to søstrer, tvinga til å konvertere og brukt som sex-slave til ho rømde ein månad seinare.
  • Kom i 2015 som flyktning til Tyskland, der ho har budd sidan.
  • Har delt historia si med FN og verda og kjempar for rettferd for yazidiane.
  • Fekk fredsprisen for 2018 saman med Denis Mukwege.

 

  • Denis Mukwege vart fødd 1. mars 1955 i Bukavu, aust i Kongo.
  • Utdanna i Frankrike som gynekolog og kirurg.
  • Lege og direktør ved Panzi-sjukehuset i Bukavu i Kongo. Han er ein av dei fremste ekspertane i verda på indre skadar etter gruppevaldtekt.
  • Kvart år kjem 3.600 valdtekts-offer til sjukehuset for å få hjelp. Rundt 1.200 av dei er så alvorleg skadde at dei må opererast.
  •  Mukwege har frå før fått fleire internasjonale prisar, mellom anna FNs menneskerettspris (2008), Olof Palme-prisen (2009) og EUs Sakharov-pris (2014)

Vilja Lande og Abdullah Ouro Agouda er begge tolv år gamle og går på Sagene skule i Oslo.

Fekk ønskje velkommen

Lande fekk æra av å ønskje kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit velkommen. Agouda tok imot Nadia Murad og Denis Mukwege.

– Det er veldig mange som dyttar vekk temaet seksualisert vald i krig, fordi det er veldig vanskeleg. Det er ikkje greitt. Ein kan ikkje berre dytte det vekk fordi det er eit vondt tema, seier Vilja til NTB.

– Vi må snakke om det

Dei synest absolutt ikkje at dette er for tungt og vanskeleg å snakke om med barn.

– Nei, fordi det er noko som skjer med barn. Tenk om barnet det gjeld, har opplevd det sjølv, og så vil du ikkje snakke om det fordi det er for fælt. Det er ikkje greitt, seier Vilja.

Mukwege var streng

– Viss det er éin krig som skal førast, er det krigen mot likegyldigheita. Den tærer på samfunna våre, sa fredsprisvinnar Denis Mukwege strengt i talen sin under fredspris-utdelinga. Han og Nadia Murad frå Irak fekk overrekt fredsprisen i Oslo rådhus måndag.

Folk vart rørte

Både prisvinnarar, kongelege og politikarar vart rørte til tårer av den kjensleladde talen.

– Det var sterke historier dei to hadde å fortelje, sa statsminister Erna Solberg (H) etter seremonien.

– Nok er nok!

Mukwege er lege ved Panzi-sjukehuset i Kongo. Der har han gjennom mange år vore vitne til dei brutale overgrepa som kvinner og barn blir utsette for i væpna konfliktar. I nobel-foredraget sitt fortalde han ei sterk historie om ei atten månader gammal jente som hadde vorte valdteken av ein lokal-politikar i landsbyen Kuvamu.

Det same skjedde med minst 48 andre barn, utan at verken verda eller lokalsamfunnet reagerte.

Rettsstaten er ikkje der

Mukwege sa at overgrepa skjer fordi rettsstaten ikkje grip inn. Dei som står bak overgrepa, blir ikkje straffa for det. Han meinte òg at det speler inn at dei tradisjonelle verdiane har kollapsa.

– No har det vore nok vald i Kongo. Nok er nok! Fred no! var bodskapen frå fredspris-vinnaren.

Mykje jubel og tårer

Fleire gonger avbraut publikum talen med jubel og uvanleg lange applausar. Kronprinsesse Mette-Marit og leiaren av Nobelkomiteen, Berit Reiss-Andersen, var blant dei som tok til tårene.

Blanke auge hadde dei òg då dei lytta til talen til Nadia Murad. Ho høyrer til yazidi-minoriteten i Nord-Irak. Saman med tusenvis av andre kvinner vart ho teken til fange av jihadistgruppa IS og brukt som sex-slave.

Freddy Kalas med Redd Barna syng for nobelprisvinnarane Nadia Murad og Denis Mukwege under Nobels Fredsfest.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Murad var prega

Fredspris-vinnaren var tydeleg prega, både av det ho sjølv har vore utsett for og det brennande engasjementet sitt for at gjernings-personane blir stilt til ansvar.

– Etter folkemordet på yazidiane fekk vi mykje sympati internasjonalt og lokalt. Mange land innsåg at dette var folkemord. Men det stoppa ikkje, slo Murad fast.

– Unge jenter blir selde, kjøpte, haldne fanga og valdtekne kvar einaste dag. Det er ufatteleg at leiarane i 195 land rundt om i verda ikkje gjer noko for å setje desse jentene fri, seier ho.

Det var ein etterlengta pris

Blant dei dei celebre gjestene i Oslo rådhus var menneskeretts-advokaten Amal Clooney. Ho kjempar for at IS ein dag skal stillast til ansvar.

Nobelkomiteen har fått mykje ros for å gi fredsprisen til Murad og Mukwege. Begge to har vore nominerte fleire gonger. Mange meiner det er på høg tid at kampen mot seksuell vald i krigar og konfliktar kjem på dagsordenen.

Tildelinga er populær

At tildelinga er populær, var ikkje minst tydeleg under det tradisjonelle fakkeltoget til ære for prisvinnarane på kvelden. I år hadde minst fire tusen møtt fram, og arrangøren hadde ikkje nok faklar til alle. Det er første gongen dei har gått tomme for faklar, fortel Norges Fredsråd til NTB.

Då Murad og Mukwege kom ut på balkongen på Grand Hotel for å ta imot hyllesta, steig jubelen til himmels. Etterpå gjekk dei inn til ein fem-rettars galla-middag saman med kongefamilien og politikarar og kjendisar.