Aktivistar utkledde som isbjørnar demonstrerte i forkant av klima-konferansen i Katowice i Polen. Dei tyske aktivistane vil ha slutt på kol-industrien. Kol-industrien er ein av klima-verstingane.

Foto: Fabrizio Bensch / REUTERS / NTB scanpix

FN-sjef: – Verda er ute av kurs i klimakampen

MiljøVerda er langt unna å nå dei felles måla sine i høve til klima-utfordringane. Det seier generalsekretæren i FN, António Guterres.

  • © NTB
  • Publisert:

– Når det gjeld planane om å redusere dei mest katastrofale klimaendringane, er verda ute av kurs, sa Guterres da han opna klima-konferansen COP24 søndag.

Fakta om Parisavtalen og klima-endringane

  • Målet med Parisavtalen er å halde den globale temperatur-auken under 2 grader og helst ikkje over 1,5 grader.
  • Desse måla føreset raske kutt i klima-utsleppa.
  • Innsatsen må tredoblast viss verda skal nå Paris-måla. Det har FNs miljøprogram UNEP sagt i ein fersk rapport.
  • Gjennomsnitts-temperaturen på jorda er no omtrent 1 grad høgare enn på slutten av 1800-talet.
  • Mesteparten av auken sidan 1950-talet er høgst sannsynleg menneskeskapt, ifølgje FNs klimapanel (IPCC).
  • Påverkinga vår på klimaet kjem i hovudsak av utslepp av karbondioksid (CO2), metan (CH4) og andre klimagassar som aukar den naturlege drivhus-effekten i atmosfæren.
  • Utsleppa kjem frå forbrenning av kol, olje og gass, avskoging, landbruk og industri. Dette kjem i tillegg til utsleppa av klimagassar frå naturlege kjelder.
  • Når temperaturen på jorda aukar, fører det til stigande havnivå, nye nedbørs-mønster, tørke, flaum og utrydding av artar. Mange område der det i dag bur folk, kan bli ståande under vatn, og matproduksjonen i verda kan bli trua.

(Kjelder: IPCC, NASA, NOAA, NTB)

COP står for «Conference of the parties» – partskonferanse – og COP24 samlar dei landa som har underteikna Parisavtalen om klima-politikken. Delegatar frå nesten 200 land er no samla i den polske byen Katowice for å følgje opp klima-avtalen.

Guterres var i talen sin tydeleg på at arbeidet med å dempe den globale oppvarminga ikkje går fort nok.

– Vi gjer ikkje nok

– Sjølv om vi har sett store øydeleggingar verda over som følgje av klima-endringane, gjer vi framleis ikkje nok eller handlar raskt nok for å redusere dei katastrofale klima-forstyrringane, sa Guterres.

Måndag bad fleire land som ligg særleg utsett til, om umiddelbare tiltak for å redusere klima-trusselen.

Alle nasjonar må gjere sitt

Statsministeren i øy-staten Fiji i Stillehavet, Frank Bainimarama, var sjef for COP-møtet i fjor. Han oppfordra no alle nasjonar til å gjere ein innsats for å hindre fleire klima-katastrofar.

– Gud forby dersom vi ignorerer dei unektelege bevisa og blir generasjonen som svikta menneskja, sa han.

Framleis mogleg å nå måla

Det er ikkje umogleg å nå klimamåla for 2020, meiner Per Espen Stoknes i Miljøpartiet Dei Grøne (MDG). Han synest ikkje at Stortinget lenger skal akseptere at regjeringa somlar.

– Altfor lenge har Stortinget akseptert ein vent-og-sjå-strategi. Etter årevis med somling er det på tide å gjere noko med klima-endringane, sa Stoknes då Stortinget behandla statsbudsjettet for neste år måndag.

Foreslår utslepps-budsjett

– Det er ikkje umogleg å nå 2020-måla. Budsjettet vårt viser at det er mogleg så lenge det er vilje, sa Stoknes.

MDG fremja òg eit forslag saman med partia Raudt, SV og Ap om at regjeringa må legge fram eigne utslepps-budsjett frå 2020. Desse skal innehalde lister over tiltak og den forventa effekten dei har på klimaendringane. Utslepps-budsjetta skal òg vise korleis Noreg skal nå målet om 40 prosents utslepps-kutt i ikkje-kvotepliktig sektor innan 2030.