Elevane ved Apalløkka skule i Oslo dansa for dronning Sonja da ho kom på besøk for å dele ut Dronning Sonjas skolepris.

Foto: Tore Meek / NTB scanpix.

Dronninga delte ut skulepris

KulturApalløkka skule i Oslo har fått Dronning Sonjas skolepris 2018.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

Prisen går til skular som har utmerkt seg ved å praktisere likeverd og inkludering, ifølgje kongehuset.no.

– Vi er stolte

Apalløkka skule ligg på Ammerud i bydelen Grorud i Oslo. Skulen har totalt 392 elevar, og mange av dei har opphav i ulike delar av verda. Juryen la vekt på korleis skulen bruker nærmiljøet og bydelen på ein gjennomtenkt og heilskapleg måte.

– Vi er stolte, audmjuke og ser det som ei ære å få denne prisen, skriv skulen på nettsidene sine.

Prispengar

Apalløkka skule får 250.000 kroner og eit kunstverk som dronning Sonja har laga. Dronninga er sjølv initiativtakar til prisen og delte denne gongen ut prisen for 13. gong.