Det ligg an til å bli mange gåver under juletreet i år også.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Virke ventar at nordmenn skal bruke 11.000 kroner kvar på julehandel

ØkonomiKvar og ein av oss kjem i år til å bruke i snitt 11.040 kroner på mat, pynt, gåver og andre ting vi treng til jul.

  • © NTB
  • Publisert:

Handelsorganisasjonen Virke har funne ut at vi til saman vil bruke 58,5 milliardar kroner på julehandelen i desember. Det er drygt 11.000 kroner kvar. Av dette bruker vi 4.700 kroner i daglegvare-butikkar og 6.340 kroner i andre butikkar. Det viser overslaga frå Virke, interesseorganisasjonen for handelsbransjen.

Fakta om julehandel

  • Dette brukte nordmenn på julehandelen dei siste åra:
  • 2012: 49,2 milliardar kroner
  • 2013: 50 milliardar kroner
  • 2014: 53,6 milliardar kroner
  • 2015: 55,8 milliardar kroner
  • 2016: 58 milliardar kroner (prognosar)
  • 2017: 56,6 milliardar kroner (prognosar)

Kjelde: Virke, NHO service og handel

Travelt før jul

– Særleg den siste veka før jul er hektisk i daglegvare-butikkane. Vi inviterer til fest og besøk og unner oss nok kanskje endå meir god mat i desember. For dei fleste er det viktig at julematen smaker tradisjon, barndomsminne og råvarer frå heimstaden. Det kjem stadig meir lokalmat på marknaden som får fram både minner og julestemning, seier direktør Ingvill Størksen i Virke Dagligvare.

Selskapet Ipsos har gjort ei spørjeundersøking for banken DNB. Der svarte deltakarane at dei i gjennomsnitt vil bruke 6.145 kroner på gåver. Det er omtrent 400 kroner meir enn i fjor.

Aukar med 30 prosent

Omsetninga i desember er 30 prosent høgare enn gjennomsnittet for resten av året. Bransjar som leiketøybutikkar, ur- og gullsmedbutikkar og bokhandlarar sel endå meir i julehandelen. Salet kan vere to til tre gonger så høgt i desember som ein vanleg månad resten av året.

– Jula betyr mykje for faghandelen. Den kjem til å selje varer for 33,5 milliardar kroner i desember, seier direktør Bror William Stende i Virke Faghandel.

Brukar også meir i november

I tillegg kjem pengane vi bruker på kampanjar som black friday. I fjor var det over 3,6 milliardar kroner. I år ventar Virke at det blir brukt 3,9 milliardar kroner fredag 23. november.

– Auken i november-handelen kjem sannsynlegvis av at vi handlar julegåver tidlegare enn før, seier Stende.

Milliardar skifter hender

Gjennomsnittstala frå Virke er laga ut frå forventningar som ulike delar av handelsnæringa kjem med. Desse tala er vidare brotne ned på kvar enkelt nordmann. Gjennomsnitts-beløpet i år er sett ut frå eit folketal på 5,3 millionar nordmenn.

Bank har spurt dei vaksne

Banken DNB baserer prognosane for julehandelen på det folk svarte i ei spørjeundersøking. Banken har slik komme fram til at kvar vaksen nordmann vil bruke 12.288 kroner i snitt i år. Deretter har DNB gonga opp med snautt 4,2 millionar såkalla vaksne nordmenn. Då blir totalbeløpet 51 milliardar kroner.

Nordmenn brukar meir pengar

Om totaltalet til Virke blir brote ned på det same talet på vaksne, vil forventningane til handelsnæringa vere eit gjennomsnittleg forbruk i julehandelen på om lag 14.000 kroner.

– Det går bra i norsk økonomi, arbeidsløysa har falle og lønnsveksten har auka. I sommar såg vi at nordmenn auka feriebudsjettet med litt over 2.400 kroner. No held vi fram med å trakke på forbruksgassen på veg inn i jula, seier forbrukarøkonom Silje Sandmæl i DNB.