Heldigvis veks no bestanden av bengal-tiger i Nepal. Tigeren er elles sterkt utryddings-trua i verda. Her leikar den kvite bengal-tigeren Clara med ein av ungane sine. Men det er i ein dyrepark i Lima i Peru.

Foto: Mariana Bazo / Reuters / NTB scanpix

Tiger-bestanden i Nepal veks

MiljøDen trua bestanden av bengal-tiger i Nepal har på fem år vakse frå 198 til 235 dyr. Det viser ei tiger-teljing som styresmaktene i landet har gjort.

  • © NTB
  • Publisert:

Teljinga viser at bestanden har auka sidan 2013. Styresmaktene ser veksten i samanheng med innsatsen som er lagt ned for å berge tigeren. Målet er å doble bestanden innan 2022.

Fakta om Bengal-tigrar

  • Bengal-tiger er ein trua under-art av tiger.
  • Han blir òg kalla konge-tiger.
  • Det er flest bengal-tigrar i India, men det finst mindre grupper av tiger-arten i Bangladesh, Bhutan, Nepal og delar av Kina.
  • Bengal-tigeren har kort pels og er vanlegvis raudoransje med smale svarte, brune eller grå striper langs sidene.
  • Det finst òg ein kvit bengal-tiger, både med og utan striper.
  • Ein fullvaksen hann veg normalt cirka 180–258 kilo og er cirka 270–310 centimeter lang frå snuten til halerota.

(Kjelde: Wikipedia)

– Veksten i talet på tigrar har gitt håp for Nepals bevaringsprogram. Det seier Suman Subedi i skog- og miljødepartementet i landet.

Teljing med elefantar

Teljinga er gjort over ein periode på seks månader i tre nasjonalparkar. Viltekspertar, skogvaktarar og vaktmannskap har hjelpt til. Det var også sett ut over 4.000 kamera. Ekspertane hadde hjelp av rundt 600 elefantar til å komme seg rundt i dei sørlege sletteområda i landet. Det er der tigrane held til.

Over heile Asia har bestandane av store kattedyr gått kraftig ned dei siste åra. Årsakene er avskoging, innsnevring av leveområda og ulovleg jakt. I 2010 skreiv Nepal og 13 andre land under på eit løfte om å doble tigerbestanden innan 2022.

– Viktig å halde fram

Miljøvern-organisasjonen World Wide Fund for Nature (WWF) i Nepal meiner det er viktig å halde fram innsatsen for å bevare bengal-tigeren.

– Sjølv om Nepal er berre få tigrar unna målet om å doble bestanden innan 2022, understrekar denne teljinga behovet for å halde fram verne-arbeidet og å sikre tigrane samanhengane leveområde, slik at arten kan overleve på lang sikt, seier Ghana Shyam Gurung i WWF Nepal i ei fråsegn.

I 1900 fanst det anslagsvis over 100.000 tigrar i verda. I 2010 hadde talet falle til 3.200, men har sidan auka til 3.900.