Partileiar Knut Arild Hareide i KrF tapte kampen om kven partiet skal samarbeide med i framtida. Fleirtalet i paritet vil samarbeide med Høgre, Frp og Venstre. Hareide ville samarbeid med Arbeiderpartiet og Senterpartiet.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Ropstad ber folk vente med å melde seg ut av KrF

PolitikkLeiarane frå dei tre regjeringspartia har møtt Kristeleg Folkeparti (KrF) for å snakke om eit mogleg samarbeid. Samtidig har 850 medlemar forlate partiet.

  • © NTB
  • Publisert:

– Vi har vore førebudd på at det ville komme ein reaksjon. Eg håpar at folk vil vente med å melde seg ut og heller vurdere regjeringssamarbeidet og det vi får til, seier Kjell Ingolf Ropstad til NTB. Han er nestleiar i KrF.

Fakta om Kristeleg Folkeparti (KrF)

  • Stifta 1933 (Hordaland), 1945 (nasjonalt).
  • Partileiar: Knut Arild Hareide.
  • Partiet har i dag åtte stortings-representantar.
  • Oppslutning siste stortingsval (2017): 4,2 prosent. Det dårlegaste resultatet sidan 1945.
  • Partiet valde å ikkje gå i regjering med Høgre og Framstegspartiet i 2013. I staden fekk KrF, saman med Venstre, ein samarbeidsavtale med regjeringa. Denne avtalen blei ikkje fornya etter valet i 2017.
  • Partiet vedtok på landsmøtet 2. november at dei skal følgje Venstre inn i regjeringa med Høgre og Framstegspartiet.
  • Avgjerda gjekk i mot det partileiar Knut Arild Hareides hadde foreslått. Han ville at KrF skulle gå i regjering med Arbeidarpartiet og Senterpartiet.
  • Eit tredje alternativ var å bli verande i opposisjon.

Partiet har bestemt seg for å samarbeide med partia Høgre, Venstre og Framstegspartiet (Frp). Det har gjort at 700 personar har meldt seg inn i KrF.

– Når vi får gjennomslag, trur eg mange som har vore ueinige, kan sjå at KrF er til å kjenne igjen. Derfor er vi veldig tydelege på at vi ikkje går i regjering for ein kvar pris. Det må vere politisk gjennomslag som gjer det, seier Ropstad.

Forstår at folk er skuffa

Samtalane ved Statsministerens kontor (SMK) på måndag var ein start. Regjeringa og KrF må først undersøkje om dei er einige i mange nok saker. Etter desse sonderingane kan forhandlingane om ein plass i regjeringa starte. Førebels handlar det først og fremst om praktiske avklaringar og vegen vidare.

– Kva har du å seie til dei i KrF som håpar du mislykkast med sonderingane?

– Det er lov å vere skuffa. At mange kjenner det sånn no, forstår eg godt. Jobben min er å bevise at det er mogleg å få til god KrF-politikk i dette samarbeidet, seier Ropstad.

Valde samarbeid med regjeringa

Før helga vedtok KrF å snakke om eit samarbeid med regjeringa til statsminister Erna Solberg (H). Siste beskjed er at desse sonderingane startar først i neste veke.

– I dag har delegasjonen til KrF hatt første samtale med Erna, Siv og Trine. Vi ser fram til å halde fram og kan love éin ting: Vi kjem ikkje til å selje oss billig, skreiv KrF på Facebook-sida si etter møtet.

Det blir nestleiar Kjell Ingolf Ropstad i KrF (t.h) som får ansvaret med å leie forhandlingane med regjeringspartia. Partileiar Knut Arild Hareide vil ikkje vere med i desse forhandlingane. Det er fordi han tapte kampen om kva parti KrF skal samarbeide med.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Snakka åleine med Solberg

I kvar sin svarte regjeringsbil forlét Frp-leiar og finansminister Siv Jensen og Venstre-leiar og kulturminister Trine Skei Grande Statsministerens kontor. Det skjedde ein dryg time etter at møtet med KrF starta.

Etter det NTB har grunn til å tru, fortsette samtalene mellom statsminister og Høgre-leiar Erna Solberg og politikarane frå KrF. Det var nestleiarane Kjell Ingolf Ropstad og Olaug Bollestad, Erik Lunde frå Oslo KrF og den «raude sida» i partiet som var med på møtet. I tillegg til politisk rådgivar for stortingsgruppa til KrF, Jorunn Halleråker.

Avklaring før jul?

Ropstad håpar regjerings-spørsmålet blir avklart før jul.

– Det er målet. Men om det blir 20. desember eller 20. januar, er ikkje det viktigaste. Det viktigaste er å få ei god plattform. Viss vi skal inn, blir det ei fleirtals-regjering. Da blir det ekstremt viktig at det er gjort eit godt nok arbeid på førehand, seier han.

Nestleiaren er opptatt av at det blir laga eit nytt politisk grunnlag for regjeringa. Han åtvarar mot å tru at ein berre kan endre litt på den politiske plattforma som er i dag. KrF meiner den såkalla Jeløya-plattforma ikkje er knytt sterkt nok til ein kristen og humanistisk kulturarv.

– Eg trur alle skjønar at KrF ikkje kan gå inn i ei regjering som ikkje er tydeleg på verdiforankringa, og at det blir gjort tydleg. Det skal vere meir enn berre ei passiv formulering om at det er fint og flott med ein kristen kulturarv. Den må seie noko om ei aktiv vidare-formidling, seier Ropstad.

Skal også forhandle om budsjett

Allereie ved 12-tida måndag møttest dei fire i forhandlings-gruppa i KrF på kontoret til Ropstad på Stortinget.

Dei neste vekene skal KrF også forhandle om statsbudsjettet for neste år med finanspolitikarane til Høgre, Frp og Venstre på Stortinget.

Da Venstre gjekk inn i regjeringa i januar, brukte dei først om lag ein månad på sonderingar før sjølve forhandlingane starta.

KrF legg fram det alternative forslaget deira til statsbudsjett fredag, opplyser partileiar Knut Arild Hareide.

Seinare same dag skal partiet ha det første landsstyremøtet etter det ekstraordinære landsmøtet der Hareide tapte kampen om kva parti KrF skulle samarbeide med.