Dette er eit bilete som romsonden InSight sende etter at han landa på Mars denne veka. Prosjektleiar Tom Hoffman er strålande fornøgd.

Foto: AP/NTB scanpix

NASA: Romsonden landa på ein «svært trygg» plass på Mars

TeknologiDet første biletet frå romsonden InSight viser at landings-plassen på Mars var midt i blinken for NASA-forskarane. ​

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

Leiaren for InSight-prosjektet i NASA, Tom Hoffman, var kjempeglad.

– Eg er svært, svært glad for at det ser ut til at vi har funne ein utruleg trygg og kjedeleg landingsplass. Det var akkurat det vi ville, sa han etter den vellykka landinga.

Romsonden landa ved ekvator på Mars måndag.

Fakta om landingar på Mars

  • Første gongen NASA lykkast med ei kontrollert landing på Mars var i 1976.
  • USA har òg lykkast med Mars-landingar seks gonger etter det, seinast i 2012.
  • InSight er dermed nummer åtte i rekka.
  • InSight vart skoten opp for NASA frå Vandenberg Air Force Base i California 5. mai 2018.
  • Romsonden har kosta nærare 9 milliardar kroner.
  • Målet for operasjonen er å undersøkje det indre av Mars for å finne ut korleis planetar som liknar jorda, utviklar seg.

Han viste fram det første biletet som romsonden sende frå den raude planeten.  Forskingssjef Bruce Banerdt sa at det var «fint og skittent». Biletet viser eit landskap som for det meste er jamt og sandete. Berre éin litt større stein er innan synleg rekkevidde.

Forskarane skal no reingjere biletet digitalt, og dei svarte støvflekkene skal fjernast, fortalde Banerdt.

Biletet kom frå eit kamera som sit lågt nede på romsonden. Nokre timar seinare kom det eit betre bilete frå eit anna kamera litt høgare på romsonden. Dette biletet viser delar av romsonden og landskapet rundt.

Resultat til våren

Seinare måndag fortalde NASA at solcelle-vengene på InSight hadde opna seg. Dermed var ladinga av batteria i full gang.

NASA ventar fleire bilete frå Mars i dagane som kjem. Dei blir betre når støv-laget har fjerna seg frå kameraa.

Dei neste Mars-døgna – som er 39,5 minutt lengre enn eit jorddøgn – skal forskarane sjekke korleis det står til med den viktige robot-armen og instrumenta på romsonden.

Forskarane skal bruke fleire månader på å stille inn og fin-justere instrumenta. Banerdt sa måndag at han ikkje ventar å få så mykje god informasjon frå sonden før på seinvåren.

Jubel

Sonden brukte seks månader på turen gjennom sol-systemet etter oppskytinga frå Vandenberg-basen i California i mai i år.

Jubelen stod derfor i taket ved NASAs Jet Propulsion Laboratory (JPL) i Pasadena i California.

– Landing stadfesta! kunngjorde ein flygeleiar like før klokka 21, norsk tid, måndag kveld.

Toårig oppdrag

Fleire land er med på InSight-prosjektet, som har ein verdi på 1 milliard dollar – rundt 8,5 milliardar norske kroner.

Eit instrument laga i Tyskland har fått tilnamnet «moldvarpen» og skal bore seg 5 meter under overflata. Der skal det mellom anna måle temperaturen.

Ein seismograf utvikla i Frankrike skal fange opp eventuelle jordskjelv. Mars-rotasjonen skal òg målast nøyaktig, og Insight skal følgje med på vêret på landingsstaden.

Dei neste to jordåra – som svarer til eitt år på Mars – skal den 360 kilo tunge sonden stå på same staden.

– I dei kommande månadene og åra kjem historiebøkene om det indre livet på Mars til å bli skrivne om, sa JPL-sjef Michael Watkins.

Liv

Innsida av Mars er så godt bevart at forskarane kan lære mykje om vår eigen planet. Forskarane kan få eit tidsbilete av korleis jorda kan ha sett ut like etter at ho vart danna for 4,5 milliardar år sidan, ifølgje Banerdt.

Mens det er mange jordskjelv på jorda, bestemte Mars seg for «å kvile på sine laurbær» etter at planeten var danna, sa han.

Forskarane ønskjer å finne ut kvifor stein-planetane i solsystemet vårt har utvikla seg så ulikt, og kvifor akkurat jorda vart ein stad der det oppstod liv.

InSight har likevel ikkje med seg instrument som skal leite etter teikn på liv. Derimot skal NASA på det neste Mars-oppdraget sitt i 2020 plassere ein robot på planeten som skal leite etter bevis på gammalt liv.