Brannen i California gjorde enorme skader på hus og bygningar. Mange har òg mista livet.

Foto: AP/Noah Berger/ NTB scanpix

Mange døde i skogbrann i California

MiljøMinst femti personar har omkomme i skogbrannen nord i California. Brannen er truleg den dødelegaste i USA sidan 1918, ifølgje ekspertar.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

Onsdag kveld var 56 personar stadfesta omkomne i brannen. 130 personar er melde sakna.

Så langt har politiet klart å identifisere 47 av dei 56 omkomne. Det fortalde sheriff Kory Honea i Butte fylke på ein pressekonferanse onsdag kveld.

Samtidig er tre personar funne omkomne i ein annan skogbrann utanfor Los Angeles. Los Angeles ligg i den sørlege delen av California.

Fakta om brannane i California

  • California er ramma av to store skogbrannar samtidig.
  • Minst 56 menneske er døde, og rundt 130 er sakna. Over 7.000 hus og bygningar er øydelagde.
  • Brannen utanfor Sacramento er den verste i Californias historie, både målt i tap av liv og i tap av eigedom.
  • Korleis skogbrannen starta, er førebels uvisst, men eit lokalt straumselskap har opplyst at dei hadde problem med ei kraftlinje nokre få minutt før brannen starta.
  • California blir stadig oftare ramma av større skogbrannar. Hovudårsaka er klima-endringane.

Kjelder: Klassekampen, NTB

– Verste på 100 år

Crystal Kolden er professor ved Idaho University. Ho har studert brannar i 20 år og seier at brannen i Nord-California er den dødelegaste i heile USA sidan 1918. Da mista 1.000 personar  livet i ein brann i delstaten Minnesota. Fleire lokalsamfunn vart øydelagde den gongen.

– I moderne tid er dette definitivt ein av dei dødelegaste brannane i USA, seier professor Kolden.

Omkom i bilar og hus

Dei omkomne har mellom anna vorte funne i utbrente bilar og i ruinane av nedbrente hus.

Fleire personar har òg vorte funne liggjande døde ved sida av bilane sine. Dei rakk ikkje å setje seg i bilen før dei døydde av røyken frå brannen.

Skoa smelta

Nichole Jolly er sjukepleiar i småbyen Paradise. Ho var på jobb da ho tidlegare i veka fekk beskjed om at ho måtte evakuere. Da ringde ho mannen sin og trudde det kunne bli siste gongen ho snakka med han.

– Eg sa: «Eg trur eg kjem til å døy. Sei til barna at eg elskar dei. Eg kjem ikkje heim igjen», fortel Jolly til tv-kanalen NBC.

Skoa hennar smelta på den varme asfalten, og det brann i halsen. Heldigvis fann ho ein brannbil og fekk banka på døra.

– To brannmenn hoppa ut av bilen. Dei sløkte elden som hadde sett fyr på buksene mine. Så drog dei meg med inn i bilen, pakka eit teppe rundt meg og sa: «Gjer deg klar. Det er ikkje sikkert vi kjem gjennom dette i live», seier Jolly.

DNA-prøve

Dei siste omkomne i Nord-California vart funne i byen Paradise, der det ein gong budde 27.000 menneske, opplyser sheriffen. Byen er jamna med jorda, og det einaste som står igjen, er grunnmurar og murpeisar i husa.

Redningsmannskapa har utført 461 søk, og 22 likhundar har vore med på å leite etter sakna. Ettersom mange av dei omkomne førebels ikkje er identifiserte, oppmodar politiet folk til å ta ein DNA-prøve.

– Frå og med torsdag kan alle som trur at eit familiemedlem har omkomme, ta ei DNA-prøve, sa Honea på pressekonferansen.

Kjempar framleis

Meir enn 5.000 brannfolk kjempar framleis mot flammane nord i delstaten, som har øydelagt over 10.000 bygningar. 52.000 personar har mista heimane sine etter at brannen starta torsdag for ei veke sidan.

Ifølgje amerikanske styresmakter har 1.358 personar som har mista heimane sine, vorte innlosjerte mellombels.