Stadig fleire elevar på yrkesfag får lærlingkontraktar, viser nye tal.

Illustrasjonsfoto: Frank May / NTB scanpix

Fleire yrkesfag-elevar får lærekontrakt

SamfunnFor tredje året på rad aukar talet på lærekontraktar for elevar på yrkesfag. Det er likevel store forskjellar mellom fylke og fag.

  • © NTB
  • Publisert:

Kunnskapsminister Jan Tore Sanner (H) er glad for at talet på lærekontraktar held fram med å auke.

Fakta om yrkesfag

  • Yrkesfaga opnar døra til over 170 yrke.
  • Regjeringa har styrkt satsinga på yrkesfag ved mellom anna å tilby eit nytt arbeidslivs-retta handverksfag som valfag i ungdomsskulen.
  • Fellesfaga i vidaregåande opplæring er fornya, og fellesfag som matematikk og norsk er styrkte.
  • Regjeringa styrkte yrkesfaga og fagskulane med over 70 millionar kroner i 2018.
  • Lærlingtilskotet har vorte auka med totalt 21 000 kroner per lærekontrakt. Da blir det lettare for bedriftene å ta inn lærlingar.
  • Ein lærekontrakt er ein avtale mellom ei opplæringsbedrift og ein lærling.
  • Når bedrifta har skrive under kontrakten, har ho forplikta seg til å skape eit godt og støttande arbeids- og læremiljø. Bedrifta må lage ein plan for opplæringa ut frå kvar enkelt, måla i læreplanen og bedrifta.

Kjelder: regjeringa, NHO, karri.no

– Det er godt nytt. Vi treng mange flinke fagarbeidarar i åra framover, og vi vil jobbe for at enda fleire får læreplass i åra som kjem, seier Sanner.

Så langt i år har over 19.000 elevar fått lærekontrakt. Det er 70 prosent av søkarane, viser dei førebelse tala frå Utdanningsdirektoratet..

Dermed har 790 fleire elevar enn i fjor fått godkjent lærekontrakt, ein auke på 2 prosentpoeng.

Fylkesforskjellar

Det er likevel store forskjellar frå fylke til fylke og frå fag til fag. Bygg- og anleggsteknikk er førebels det beste faget i klassen. I det faget har 80 prosent av søkarane fått lærekontrakt. På media og kommunikasjon er talet berre 43 prosent.

I det beste fylket har 80 prosent av elevane fått lærekontraktar og i det dårlegaste berre 60 prosent. Tala er likevel litt usikre ettersom fylka registerer tala sine på litt ulike måtar.

Lik fordeling

Dei endelege tala for 2018 kjem i januar 2019. Da er erfaringa at det blir fleire godkjente lærekontraktar utover hausten.

Sanner håper at dei endelege tala er like gode som dei førebelse.

– Det betyr i så fall at vi slår rekorden frå 2017, seier kunnskapsministeren.

Ved skulestart i haust hadde meir enn 34 500 elevar fått plass på ei yrkesfagleg utdanning. For første gong på mange år var det jamn fordeling av elevar på yrkesfaglege og studieførebuande utdanningsprogram.