Demonstrantar forsvarte abortlova og viste misnøye med at statsminister Erna Solberg (H) kan komme til å endre lova for å samarbeide med KrF.

Foto: Audun Braastad / NTB scanpix

Demonstrantar viste støtte til abortlova

PolitikkOm lag 1.000 demonstrantar møtte opp framfor Stortinget for å protestere mot regjeringa. Statsminister Erna Solberg (H) har sagt at abortlova kan bli endra.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

Fleire organisasjonar og grupper stod saman bak ein demonstrasjon på Eidsvolls plass framfor Stortinget i slutten av oktober.

Fakta om abortlova i Noreg

  • Abortlova me har i dag blei vedtatt av Stortinget i 1978.
  • Før kvinner har vore gravide i 12 veker, kan dei sjølv bestemme om dei vil ta abort. Det blir kalla sjølvbestemt abort.
  • Etter den 12. veka kan ei nemnd gi kvinner lov til ta abort. Kravet er at det er fare for helsa til kvinna eller at kvinna i ein vanskeleg livssituasjon. Abort blir også godkjent om det er fare for sjukdom hos fosteret. Eller om kvinna blei gravid etter ei valdtekt eller etter sex med søsken eller nære slektningar (incest).
  • Abort var forbode fram til 1964. Kvinner som tok abort ulovleg, risikerte opp til tre år i fengsel som straff.
  • Kristeleg Folkeparti (KrF) vil å endre abortlova. Det gjeld paragraf 2c i abortlova gir lov til å ta abort seint svangerskapet dersom det er fare for at barnet kan få ein alvorleg sjukdom. Det gjeld også det som blir kalla «tvillingabort». Ved ein «tvillingabort» blir det eitt eller fleire friske fostre teke bort. KrF ønsker ikkje at det skal vere lov.
  • Statsminister Erna Solberg har sagt ho kan vere villig til å støtte KrF i eit forbod mot tvillingabort.

(Kjelder: Store norske leksikon, Jusleksikon, Folkehelseinstituttet)

Ifølgje politiet var om lag 1.000 personar samla. Demonstrantane ville vise statsminister Erna Solberg (H) at ho ikkje kan endre abortlova for å samarbeide med Kristeleg Folkeparti.

Kvinner heldt appellar

Komikar Shabana Rehman Gaarder var ei av kvinnene som tala til demonstrantane. Folk frå Kvinnefronten, Salam, Kvinnegruppa Ottar, Sex og samfunn og Født Fri heldt også appellar.

Demonstrantane hadde skrive fleire slagord på plakatar dei viste fram. På plakatane stod det blant anna «Forsvar kvinnenes rett til selvbestemt abort», «Min kropp, mitt valg» og «Forsvar abortloven».

Mange demonstrantar brukte ulike parolar for å vise misnøye med utspelet frå statsministeren om at ho er villig til å sjå på endringar i abortlova i ein eventuell dialog med Kristeleg Folkeparti.

Foto: Audun Braastad / NTB scanpix

Kritikk mot statsministeren

Margrethe Gustavsen var ei av dei som var med på å arrangere demonstrasjonen.

– Erna Solberg går endå ein gong laus på rettane til kvinner når ho skal forhandle bort noko, sa ho til Dagsavisen.