Arbeidarpartiet og partileiar Jonas Gahr Støre la denne veka fram det alternative budsjettet sitt i Stortinget. Partiet foreslår mellom anna å innføre skulemat.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Arbeidarpartiet vil innføre skulemat

SamfunnArbeidarpartiet vil at alle norske skuleelvar skal få eit enkelt måltid kvar dag. Partiet meiner foreldra må betale omtrent 6 kroner for maten.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

Arbeidarpartiet la fram det alternative statsbudsjettet tysdag i førre veke. Der vil partiet setje av 256 millionar kroner til skulemat. Dei vil at stat og kommune skal dele på utgiftene, men òg at foreldra må bidra, skriv NRK.

Fakta om budsjettbehandlinga i Stortinget

  • Det er regjeringa som kvar haust foreslår eit statsbudsjett for neste år for Stortinget.
  • Opposisjonen er dei partia som ikkje støttar den sitjande regjeringa. Desse partia lagar sine eigne forslag til statsbudsjett.
  • Gjennom dei alternative budsjetta får opposisjonen vist korleis dei ville ha brukt pengane.
  • Partia tar med seg dei alternative budsjetta inn i forhandlingane i komiteane på Stortinget.
  • Heile Stortinget diskuterer samla tilrådingane frå komiteane før dei vedtar dei ulike delane av budsjettet.
  • Når stortingsfleirtalet har vedtatt alle delane, har landet fått eit statsbudsjett.

Kjelder: Stortinget

 

Cirka 6 kroner

Ingvild Kjerkol er helsepolitisk talsperson i Arbeidarpartiet.

– Vi har sagt at foreldra kan betale cirka 6 kroner for maten til ungane sine, akkurat slik ein gjer i barnehagane i dag, seier ho.

Kjerkol meiner at slike skulemåltid på sikt vil gi barna betre helse. Dermed kan samfunnet få mindre helse-utgifter seinare.

Gode vanar

– Berre det å få etablert gode kosthalds-vanar tidleg kan spare oss for store utgifter seinare i livet, seier ho.

Tanken er at alle elevar i første til tiande klasse skal få eit enkelt måltid mat om dagen. I første omgang skal ordninga gjelde i 100 kommunar. Partiet vil at det skal vere opp til kommunane og skulane kven som skal lage maten.

Skepsis i Høgre

Høgre er skeptisk til forslaget. Kent Gudmundsen, som er skulepolitisk talsperson i partiet, meiner det er viktigare å satse på innhaldet i skulen.

– Dette blir enda ei oppgåve som lærarane må løyse. Det kan gå ut over det å lære elevane å lese, skrive og regne, seier Gudmundsen.