STORE SKADAR: Tsunamien i Indonesia i slutten av september gjorde stor skade. Mange menneske mista livet.

Foto: Tatan Syuflana/AP / NTB scanpix

Tsunami trefte land etter jordskjelv i Indonesia

SamfunnEit jordskjelv løyste ut ei tre meter høg tsunami-bølgje som slo inn over øya Sulawesi i Indonesia sist fredag. Mange menneske har mista livet, opplyser styresmaktene.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

– Tsunamien trefte Palu, stadfestar Rahmat Triyono. Han er leiar for det indonesiske jordskjelv-senteret.

Fakta om tsunami

  • Tsunami er japansk og betyr «hamnebølgje»: tsu = hamn og nami = bølgje
  • Tsunamiar er store havbølgjer som oppstår etter jordskjelv under havet. Skred som går i sjøen, og vulkanutbrot kan òg løyse ut tsunamiar.
  • Nemninga tsunami blir særleg brukt om bølgjer etter jordskjelv i Stillehavet.
  • Bølgjelengda i tsunamiane er stor i forhold til djupna. Dermed kan bølgjene halde høg fart over store avstandar.
  • Tsunamien i Indiahavet i 2004 var blant dei dødelegaste naturkatastrofane i historia. Opptil 230 000 menneske vart drepne eller sakna. 84 nordmenn var blant dei drepne.

(Kjelder: SNL/Wikipedia)

Byen med om lag 350.000 innbyggjarar ligg rundt 80 kilometer frå episenteret i skjelvet. Bølgja tok fleire hus, og ein familie på fem er blant dei sakna. Det opplyser lokale styresmakter og indonesiske medium. Bilete på sosiale medium viser bølgja som treffer land og øydelegg fleire hus, og korleis folk i panikk prøver å springe unna.

Fleire menneske mista òg livet under sjølve jordskjelvet. Då var det fleire bygningar som rasa saman i det same området som ein time seinare vart ramma av tsunamien. Onsdag hadde styresmaktene registrert over 1.400 omkomne og minst 150 sakna. Talet på omkomne er venta å stige.

Over 70.000 menneske har mista heimen sin.

Trekte tsunamivarsel

Fleire jordskjelv skaka området fredag. Det kraftigaste skjelvet kom 10 kilometer under jordoverflata utanfor kysten av øya Sulawesi. Skjelvet hadde ein styrke på 7,5, opplyser det amerikanske jordskjelvsenteret USGS.

Styresmaktene sende rutinemessig ut eit tsunamivarsel etter jordskjelvet, men trekte varselet etter kort tid.

– Varselet blei trekt tilbake fordi vatnet hadde gått ned til normalt nivå, opplyser ein talsperson for Indonesias meteorologi-, geofysikk- og klimabyrå (BMKG).

Tsunami-bølgja øydela over 50 bygningar, mellom anna ein moské og eit kjøpesenter, fortel folk i Palu.

Panikk

Sutopo Purwo Nugroho ved det nasjonale beredskaps-kontoret seier at jordskjelva har gjort mykje skade i Donggala-området. Der bur det rundt 300.000 menneske.

– Innbyggjarane sprang ut av husa sine i panikk, seier Sutopo.

Tidlegare i år mista minst 550 menneske livet i ein serie jordskjelv på ferieøya Lombok og naboøya Sumbawa.