Kanskje får du snart post, småpakkar og medisinar levert gjennom lufta på ein drone! Det håper i alle fall selskapet Arilift Solutions dei skal få til i nær framtid. Her ein vanleg fotodrone.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Nytt selskap vil levere post med drone

TeknologiGår det som det nystarta selskapet Airlift Solutions AS i Førde håper på, kan både post og medisinar snart leverast med dronar.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

Avisa Firda fortel at selskapet førebur eit pilotprosjekt der planen er å levere varer med drone innan kort tid.

Fakta om dronar

  • Ein drone er ein fjernstyrt, ubemanna farkost.
  • Dronane kan operere både i lufta, på bakken, på havet og under vatn.
  • Det finst både militære og sivile dronar.
  • Militærdronane blir nytta til å samle etterretning. Dei kan òg frakte og fyre av våpen.
  • Dronar vart første gongen brukt under første verdskrigen. Desse var eigentleg berre store modellfly.
  • Sivile dronar blir brukt til mange ulike formål, ikkje minst til fotografering.

Kjelde: Wikipedia

Det fortel Nils Huus, som er ein av initiativtakarane bak den nye drone-satsinga.

– Visjonen om å levere varer med drone er førebels på teiknebrettet. I starten blir det korte leveringar av pakkar på opp til to kilo. Det kan vere viktige leveransar som medisin og post, seier Huus til avisa.

Bra for miljøet

Huus er dagleg leiar i transportselskapet Transferd, som samarbeider med helikopter-selskapet Airlift. Saman har dei starta drone-selskapet Airlift Solutions AS.

Initiativtakarane har stor tru på den nye teknologien. Dei trur at dronane i framtida kan levere fleire av dei varene som i dag blir frakta med bil eller skip. Derfor trur dei òg at drone-transport kan komme til å lønne seg både miljømessig og økonomisk.

Tryggare kommunikasjon

Dei peikar òg på at dronane kan gi folk tryggare kommunikasjon.

– Når folk ikkje kjem fram på grunn av ras, kan dronane knyte dei til verda att. Øysamfunn og fjerne strøk kan òg få betre service, seier Huus.