OMDISKUTERT VAL: Partileiar Knut Arild Hareide i KrF har tatt eit omdiskutert val. Han vil samarbeide med Arbeidarpartiet, og han fjernar dermed partiet frå høgresida i norsk politikk.

Foto: Håkon Mosvold Larsen/ NTB scanpix

KrF i spagaten om regjerings-samarbeid

PolitikkPartileiar Knut Arild Hareide og nestleiarane Olaug Bollestad og Kjell Ingolf Ropstad i Kristeleg Folkeparti er ueinige om kva regjering partiet bør gå inn i.

  • © NTB
  • Publisert:

Den 2. november blir det ekstraordinært landsmøte i KrF. Da skal partiet vedta kva retning partiet skal ta framover. Den avgjerda kan bli historisk.

Fakta om KrF

  • Kristeleg Folkeparti (KrF) er eit kristen-demokratisk sentrumsparti. Det vart stifta i Hordaland i 1933. I 1945 vart partiet landsdekkjande.
  • Knut Arild Hareide er partileiar. Det har han vore sidan 2011.
  • KrF gjorde sitt beste stortingsval i historia i 1997. Då fekk partiet 13, 7 prosent av stemmene.
  • Ved valet i 2017 fekk partiet ei oppslutning på 4, 2 prosent. Det gir dei åtte mandat på Stortinget.

Hareide vil ha Arbeidarpartiet (Ap) og Senterpartiet (Sp) som regjerings-partnarar. Rådet hans då han talte til landsstyret i KrF sist fredag, var at partiet bør vurdere dette alternativet.

– No er det tid for å undersøkje kva slags gjennomslag det er mogleg å få i samarbeid med Ap og Sp utan SV, sa han i talen.

Skulle Hareide få fleirtalet i partiet med seg, blir det første gong i historia at KrF dannar regjering saman med Ap.

Solberg: Open dør

Like etter at landsstyremøtet var over, var det pressekonferanse heime hos statsminister Erna Solberg (H) i statsminister-bustaden i Oslo. Der gav ho igjen Hareide beskjed om at døra hennar står open.

– Vi vil gjerne ha KrF med i regjeringa, understreka Solberg. Ho meiner at KrF har mest å hente der.

– KrF har to alternativ. Enten kan dei gå inn i ei fleirtals-regjering saman med oss eller i ei mindretals-regjering med Arbeidarpartiet og Senterpartiet, som må lene seg på SV, sa statsministeren.

– Umogleg å bli verande på vippen

Nestleiarane i partiet, Bollestad og Ropstad, meiner at KrF først bør snakke med den sitjande regjeringa.

Alle dei tre i parti-leiinga er likevel heilt klare på at det er umogleg å halde fram på vippen som opposisjons-parti på Stortinget.

– Når ein står i spagaten over lengre tid, får ein vonde musklar. Det sa Bollestad på ein presse-konferanse etter landsstyre-møtet.

Indre strid

Usemja internt i KrF har lenge vore sterk om partiet skal halde seg på den borgarlege sida eller søkje samarbeid med dei raudgrøne. Striden vart ikkje mindre etter det tydelege rådet frå Hareide. Allereie fredag hagla kritikken.

– KrF høyrer heime på den ikkje-sosialistiske sida. Det er ein avgrunn mellom grunnfjellet i Ap og grunnfjellet i KrF i spørsmål som handlar om menneskeverd og sorterings-samfunn, seier stortingsrepresentant Hans Fredrik Grøvan (KrF) til NTB.

Leiaren i ungdomspartiet KrFU, Martine Tønnessen, meiner Hareide driv ei selektiv historie-forteljing:

– Han utelèt viktige sigrar KrF har fått med dagens regjering, for ikkje å snakke om det ideologiske fellesskapet, seier ho til Dagbladet.

Unngå budsjett-kollisjon

Ifølgje Hareide er det ekstraordinære landsmøtet lagt til ein dato som ikkje kolliderer med forhandlingane om statsbudsjettet for neste år.

– Vi vil ikkje setje det politiske Noreg på vent, seier KrF-leiaren.

Han vil ikkje spekulere på om han kan fortsetje som partileiar viss landsmøtet ikkje følgjer rådet hans, men vedtar å gå inn i Solberg-regjeringa.

Frp-leiar Siv Jensen åtvarar KrF mot venstre-dreiing.

– Mange kjem til å reagere på eit KrF-samarbeid med venstresida, spesielt på Sør- og Vestlandet, meiner Jensen.

Jensen legg i desse dagar siste hand på statsbudsjettet for neste år. Det skal ho leggje fram måndag 8. oktober. Ho treng støtte frå KrF for å få det gjennom i Stortinget.

Ifølgje VG kan det hende at statsminister Erna Solberg stiller kabinett-spørsmål og truar med å gå av om det ikkje blir fleirtal for budsjettet i Stortinget.

Støre: Open dør

Ap-leiar Jonas Gahr Støre held på si side døra vidopen for KrF.

– Det er klart at viss fleirtalet skiftar, så er Arbeidarpartiet klar, seier han.

Men Støre gjer det òg klart at det ikkje er naturleg for Ap å stengje døra for SV.

– Vår erfaring med å samarbeide med SV er positiv, seier han til NTB.