Det norske forsvaret har kjøpt komponentar for over 500.000 kroner av selskapet Supermicro, som uvitande skal ha spreidd spionutstyr for kinesiske styresmakter.

Arkivfoto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Kina putta spion-verktøy i data-komponentar

TeknologiMilitæret i Kina har lagt inn spionutstyr i datamaskin-delar som har vorte sende over heile verda. Det skriv magasinet Bloomberg Businessweek.

  • © NTB
  • Publisert:

Det norske forsvaret skrotar no ein del data-utstyr etter spion-avsløringa.

Det amerikanske selskapet Supermicro står i sentrum for avsløringane i magasinet. Supermicro lagar komponentar til datamaskiner, men får òg ein del delar frå underleverandørar i Kina. Ein av dei kinesiske underleverandørane skal ha gitt kinesiske militær-agentar lov til å plante spionverktøy på varer som dei leverte til Supermicro.

Fakta om spionasje

  • Spionasje vil seie at nokon i løynd samlar inn informasjon frå opne og lukka kjelder.
  • Spionasje skjer på mange ulike måtar.
  • Både statar, selskap, organisasjonar og enkeltpersonar kan stå bak spionasje. Til dømes kan eit firma spionere på ein konkurrent for å få tak i opplysningar om produksjons-teknikkar og anna – såkalla industri-spionasje.
  • Elektronisk avlytting skjer ved at det blir installert skjulte mikrofonar eller tilsvarande for å ta opp samtalar per telefon, i rom eller utandørs.
  • Fotografisk spionasje skjer som oftast med fly, satellittar eller vanlege kamera med kraftige teleobjektiv.
  • Cracking via internett er òg ein måte å hente ut informasjon frå andres datasystem.
  • Spionverktøy kan installerast i datamaskin-komponentar.

Like vanleg som Windows

– Tenk på Supermicro som Microsoft i maskinverda. Det å angripe utstyr frå dei er som å angripe Windows. Det er som å angripe heile verda.

Det seier éi av dei anonyme kjeldene som har fortalt om spionasjen til Bloomberg. Mannen skal tidlegare ha arbeidd for etterretninga i USA. Bloomberg har snakka med 17 slike anonyme kjelder. Seks av dei er eller har vore tilsette i den amerikanske etterretninga.

Supermicro nektar for påstandane i artikkelen. Det gjer òg to av kundane til selskapet, Apple og Amazon.

Noreg har visst om det

Supermicro har millionar av kundar over heile verda, også i Noreg. Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) seier til VG at dei har visst om dette i fleire månader. Men dei er ikkje sikre på at det stemmer.

– Vi kan verken avkrefte eller stadfeste at det stemmer. Vi registrerer at selskapa avviser det, seier Mona Strøm Arnøy, som er kommunikasjonsdirektør i NSM.

Forsvaret unngår Supermicro

Forsvaret har kjøpt komponentar for over 500.000 kroner av selskapet Supermicro, som har vore i god tru. Supermicro har ikkje vore klar over at dei kan ha spreidd spionutstyr for styresmaktene i Kina.

Forsvarsdepartementet i Noreg kjøpte i juni 2017 to komponentar frå Supermicro for 533.188 kroner, skriv VG. No skrotar dei datautstyret. Det seier kommunikasjons-rådgivar Lars Gjemble i departementet til avisa.

– Forsvarsdepartementet har kjøpt produkt frå Super Micro Inc i testformål. Produkta har ikkje vore kopla til datasystema våre, og vi kjem heller ikkje til bruke dei i framtida, seier Gjemble i ein e-post til avisa.