Kina har opna ei 55 kilometer lang bru som knyter saman Kina og Hongkong. Det har tatt til saman ni år å byggje brua, som er den lengste sjøkryssande brua i verda.

Foto: Kin Cheung / AP / NTB scanpix

Kina opna den lengste brua i verda

TeknologiKina har opna ei 55 kilometer lang bru mellom Kina og Hongkong. Brua er den lengste sjø-kryssande brua i verda og tok ni år å byggje.

  • © NTB
  • Publisert:

Presidenten i Kina, Xi Jinping, var måndag med på  opnings-seremonien i Zhuhai i Macau. Derfrå går brua til Hongkong. Byggje-prosjektet har kosta til saman 20 milliardar dollar.

Prosjektet inkluderer ein undervass-tunnel som gjer at skip kan passere ut frå elve-deltaet til Perleelva. Samtidig kuttar brua ned reisetida i eit område som betyr mykje økonomisk for Kina.

Fakta om Hongkong

  • Hongkong er sett saman av tre distrikt, øya Hongkong, halvøya Kowloon og New Territories.
  • Regionen var før britisk koloni.
  • Kina fekk Hongkong tilbake i 1997 på visse vilkår: Kravet var at Hongkong fekk rett til å behalde den kapitalistiske økonomien sin og styresettet sitt i minst 50 år.
  • Regjeringa i Kina har likevel prøvd å vedta lover som reduserer sjølvstyret i Hongkong. Det har ført til massive protestar og demonstrasjonar opp gjennom åra.
  • Det bur rundt 314 000 innbyggjarar i Hongkong.

Kina ønskjer større økonomisk vekst

Kina håper brua kan knyte regionen tettare saman, og at det kan gi grunnlag for økonomisk vekst. Brua skulle opphavleg vore opna i 2016, men etter fleire forseinkingar kunne ho ikkje opnast før hausten 2018.

Ni arbeidarar har døydd og meir enn 200 andre har vorte skadde under arbeidet. Seks under-leverandørar har i år fått bøter for å ha sett arbeidarane i fare.

Brua er viktig for Xi-administrasjonen ettersom ho knyter Hongkong fysisk til fastlandet. Hongkong var fram til 1997 britisk koloni, men vart da overført til Kina. Vilkåret var at regionen får halde fram med sitt eige juridiske og økonomiske system i 50 år.

Xi avviser krav om frigjering i Hongkong

Xi-administrasjonen har avvist alle krav om politisk frigjering i Hongkong. Det gjer at somme fryktar at leiinga i Kina vil svekkje menneskerettane i Hongkong før avtalen om «eitt land, to system» går ut i 2047.

Brua blir sett som stor ingeniørkunst, men gjer likevel at mange er urolege for at Kina skal få meir makt i Hongkong.

Blant dei er Hongkong-politikaren Claudia Mo, som meiner at brua eigentleg ikkje er så nødvendig. Ho peikar på at Hongkong frå før er knytt til det kinesiske fastlandet via både land, luft og sjø.

– Men dei treng likevel denne svært store brua som eit politisk symbol for å minne Hongkong-innbyggjarane om banda til moderlandet. Det er nesten som ein navlestreng, seier demokrati-forkjemparen Claudia Mo.

Den lengste brua i verda er Danyang–Kunshan-brua på jernbanen mellom Shanghai og Beijing i Kina, som er 165 kilometer lang. Brua er ein viadukt, det vil seie at ho for det meste går over land og ikkje sjø, slik som den nye Hongkong-Zhuhai-Macau-brua.