Natt til søndag 28. oktober skal klokka stillast éin time tilbake. Da går vi frå sommartid til normaltid – eller vintertid, som vi vanlegvis kallar det.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

EU vil kutta skiljet mellom sommar- og vintertid

ØkonomiEU vil fjerna det årvisse skiftet mellom sommar- og vintertid.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

– Det bør vera sommartid året rundt. Det sa presidenten i EU-kommisjonen, Jean-Claude Juncker, fredag. EU-kommisjonen er dei som foreslår nye lover og ordningar i EU-landa.

Fakta om sommartid

  • Vintertid er eigentleg normaltid, altså den offisielle klokketida i eit område.
  • Austerrike og Tyskland var dei første landa som innførte sommartid. Det skjedde 30. april 1916.
  • Noreg fekk fast sommartid i 1980.
  • Rundt 70 land i heile verda har innført ordninga.
  • Grunnen til at det vart innført sommartid, var behovet for å spare energi.

Juncker grunngav ønsket sitt om sommartid heile året med ei stor spørje-undersøking som er gjort i EU. Her svarte nemleg 84 prosent at dei ikkje lenger ønskjer å stilla klokka fram og tilbake.

Rekord

Over 4,6 millionar menneske deltok i undersøkinga. Det er ny rekord for denne typen undersøkingar.

4,6 millionar menneske utgjer likevel berre 0,89 prosent av befolkninga i EU. Deltakinga varierte òg sterkt mellom landa. Juncker meiner likevel at politikarane bør retta seg etter resultatet.

– Rådet mitt er at viss ein spør borgarane om noko, så må ein gjera det borgarane seier, sa han.

Aktuelt i Noreg òg

Dersom EU opphevar skiljet mellom sommar- og vintertid, kjem vedtaket òg til å gjelda Noreg. Kommisjonen skal innan nokre veker lage eit forslag som EU-parlamentet og medlemslanda skal vurdere.

Endringa kan ta til å gjelda i 2020 eller 2021. Transportkommissæren i EU, Violeta Bulc, seier at forslaget legg opp til at kvart medlemsland sjølv skal få velja om dei vil innføra permanent sommar- eller vintertid.

Det å stilla klokka fram og tilbake har vi halde på med lenge. Fleire europeiske land innførte ordninga under første verdskrigen (1914–1918).