Både bondeorganisasjonane og andre vil ha strengare vern av matjord i Noreg.

Illustrasjonsfoto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Bondelaget skuffa over jordvern-strategi

MiljøDen nye jordvern-strategien til regjeringa inneheld få konkrete tiltak for å stoppa nedbygginga av matjord, meiner Norges Bondelag. 

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

– Vi hadde venta at regjeringa kom med sterkare tiltak for å redusere nedbygginga av matjord, seier Frøydis Haugen. Ho er 2. nestleiar i Bondelaget.

Utsegna kom ho med etter at regjeringa 9. oktober la fram ein oppdatert jordvern-strategi. Det er Stortinget som har bedt regjeringa om å lage ein slik ny jordvernstrategi.

Fakta om jordvern

  • Jordvern er vern av dyrka og dyrkbar jord, altså matjord.
  • Matjord utgjer 3 prosent av det norske landarealet. Ytterlegare 2 prosent kan dyrkast opp, men eignar seg ikkje til korn.
  • Matjord er ein ikkje-fornybar ressurs, ettersom det tar tusenvis av år før det blir danna ny jord.
  • Årleg blir det bygd ned cirka 10 000 dekar med matjord i Noreg, noko som svarer til rundt 1550 fotballbanar.
  • God matjord ligg ofte ved tettstader, der presset er størst til å regulere ho om til industri og næringsbygg, bustader, hotell og vegar.
  • Kulturlandskap er landskap som i større eller mindre grad er påverka av menneske, til dømes gjennom jordbruk.

Kjelde: Norges Bondelag / Wikipedia

Inga innskjerping

I 2015 vedtok Stortinget at det ikkje skal byggjast ned meir enn 4.000 dekar matjord per år etter 2020. Bondelaget og fleire andre hadde håpt at regjeringa i den nye jordvern-strategien ville skjerpe dette kravet, men det skjedde ikkje.

Strategien inneheldt berre to nye tiltak: Regjeringa vil lage ei utgreiing om søknads- og meldeplikt for nedbygging av matjord i landbruket og ei anna om tinglysing av opsjons-avtalar om dyrka og dyrkbar jord.

Sjølv om Haugen i Bondelaget er skuffa, synest ho det er bra at regjeringa vil vurdere å tinglyse slike opsjons-avtalar.

Opsjonsavtalar

– Forslaget er eit steg i rett retning. Vi meiner primært at opsjons-avtalar må vera ulovlege. Hemmelege opsjons-avtalar om nedbygging av matjord er eit stort demokratisk problem, seier ho

Leiaren i Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Merete Furuberg, er heilt einig i det.

– 97 prosent av arealet er ikkje matjord, så det er mange andre stadar ein kan byggje, seier Furuberg.

– Nullvisjon

Småbrukarlaget er òg heilt einige med Bondelaget i at det er for slapt å akseptere nedbygging av 4.000 mål i året. Furuberg hadde helst sett at vi ikkje bygde ned matjord i det heile.

– Vi har ein nullvisjon. Målet må betrakteleg nedover, seier ho.

Fagforeininga Naturviterne er òg lbant dei som synest jordvernet burde styrkjast, ifølgje Nationen.

– Klima-endringane, tørke-sommaren og fallande sjølvforsyning viser at vi treng all den matjorda vi har, seier Dagfinn S. Hatløy, som er leiar i Naturviterne.

Dei hadde ønskt seg at det maksimalt var lov å byggje ned 3.000 dekar i året.