Arkeologar har funne avtrykket av eit 20 meter langt vikingskip i ein gravhaug i Halden. Funnet kan vere eitt av dei største frå denne tida.

Foto: Lars Gustavsen / NIKU / NTB scanpix

Arkeologar har funne spor av eit vikingskip i Halden

KulturArkeologar har funne spor av eit vikingskip og fleire gravhaugar og hus frå jernalderen ved Jellhaugen i Halden kommune.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

– Oppdagingane kan truleg måle seg med funn som Oseberg og Tune. Det seier fylkeskonservator Morten Hanisch i Østfold fylkeskommune.

Fakta om vikingskip

  • Eit vikingskip er ein nordisk skipstype frå vikingtid og tidleg mellomalder. Skipa vart brukte i krig og på handelsreiser.
  • Osebergskipet er eit vikingskip som vart bygd på Sør-Vestlandet i år 820 og funne i Oseberghaugen i Sem (det som i dag er Tønsberg) i Vestfold i 1903.
  • Tuneskipet er eit vikingskip frå rundt 900 e.Kr. Skipet vart funne i ein gravhaug på Haugen gard på Rolvsøy i Fredrikstad kommune i Østfold.

Arkeologane har gjort funna ved hjelp av ein georadar. Det er eit instrument som gjer det mogleg å sjå konturane av gjenstandar og strukturar nedi jorda.

– Vi er sikre på at det er eit skip som ligg der, men kor mykje som er bevart, er vanskeleg å seie før vi har undersøkt funnet nærmare, seier Hanisch.

Veldig spennande funn

Knut Paasche er avdelingsleiar ved Norsk institutt for kulturminneforsking (NIKU) i Oslo og ekspert på skip frå vikingtida. Han synest funnet er utruleg spennande.

– Vi har berre tre godt bevarte vikingskip frå gravfunn her til lands, så dette funnet kjem heilt sikkert til å få stor historisk betydning, seier Paasche.

Halv meters djup

Funnet vart gjort etter at grunneigaren søkte Halden kommune om å få lov til å drenere jordet på Viksletta i Halden. Da må kommunen varsle kulturminneforvaltinga i fylkeskommunen, slik at dei først kan sjekke om det finst arkeologiske skattar i jorda der. Det på den måten skipet vart oppdaga.

Det har lenge vore kjent at det har vore gravminne på dette jordet, men NIKU karakteriserer likevel funnet som svært oppsiktsvekkjande.

Vikingskipet ligg i dag rett under matjorda på omtrent ein halv meters djup. Datamaterialet viser ein skipsforma struktur. Truleg er det berre den sentrale delen av skipet som no er synleg.