VÅGEKVAL: Noreg driv kommersiell fangst av vågekval.

FOTO: SHUTTERSTOCK / NTB SCANPIX

Senterpartiet vil ha meir sel- og kvalfangst

PolitikkNestleiaren i Senterpartiet, Ola Borten Moe, vil ha meir fangst av kval og sel. Den nye fiskeriministeren støttar forslaget, mens NOAH lover motkamp.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:
Nestleiaren i Senterpartiet, Ola Borten Moe.

ARKIVFOTO: TERJE BENDIKSBY

Borten Moe viser til FNs berekraftsmål. Der står det at vi må forvalte ressursane på kloden på ein berekraftig måte om det skal bli mat nok til alle i framtida.

– Vi kan og må hauste meir frå hava, men sjølvsagt på forsvarleg vis, seier Borten Moe til VG.

Fakta om kvalfangst

  • Den internasjonale kvalfangstkommisjonen (IWC) vart oppretta i 1946 for å regulere kvalfangsten.
  • 88 land er med i IWC.
  • Medlemmene av IWC stemte i 1982 for å innføre totalforbod mot all kommersiell kvalfangst frå 1986.
  • Noreg er medlem av IWC, men reserverte seg frå forbodet og driv framleis kommersiell fangst av vågekval.
  • Japan driv det dei kallar forskingsfangst av kval. Det er lov etter IWC-reglane.

– Kvalen tar maten

Eitt av argumenta hans er at kval og sel et mykje av fisken som i staden burde ha vore menneskemat. Den nye fiskeriministeren, Harald Tom Nesvik (Frp), er heilt einig.

– Fangst av sjøpattedyr, både sel og kval, er berekraftig og nyttig – og det er ein legitim matressurs på lik linje med andre marine ressursar. Utfordringa er å få fleire til å sjå nytta i auka fangst, seier Nesvik.

Men fiskeriministeren understrekar at vi ikkje veit heilt sikkert om det blir meir fisk å få med auka fangst av sjøpattedyr, men seier at det blir forska på det.

Leiaren i dyrevernorganisasjonen NOAH, Siri Martinsen, viser òg til nettopp dette.

– Ikkje fagleg grunnlag

– Stortingsmeldinga om sjøpattedyr slår fast at det ikkje er fagleg grunnlag for å hevde at sjøpattedyr reduserer fiskebestandane, seier ho.

– FNs berekraftsmål bør møtast ved å redusere kjøttproduksjonen, ikkje ved å intensivere fangsten av kval og sel med smertefulle metodar, seier Martinsen.

Ho seier at organisasjonen vil prøve å engasjere folk mot forslaget.