KLARE FOR PANTE-AUTOMATEN: No får du to kroner for små flasker og boksar og tre kroner for store flasker.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Ny pante-pris for første gong på over 25 år

MiljøFor første gong på over 25 år aukar panten på flasker og boksar. 1. september vart panten i alle pante-maskiner og kassa-apparat justert opp frå 1 krone til 2 kroner.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

I dag pantar vi 86 prosent av flaskene og boksane i Noreg. Målet med å auke panten er å få inn endå meir tomgods. Selskapet som driftar den norske pante-ordninga, Infinitum, har rekna ut at den nye panten vil gi ein retur på 90 prosent.

Fakta om panting i fylka

Rangert liste over kor mange flasker og boksar som blir panta per innebyggjar i alle fylka gjennom eit år.

  • Troms: 261
  • Oppland: 249
  • Telemark: 244
  • Buskerud: 237
  • Aust-Agder: 237
  • Finnmark: 233
  • Nordland: 233
  • Hordaland: 230
  • Sogn og Fjordane: 225
  • Møre og Romsdal: 224
  • Oslo: 212
  • Vestfold: 210
  • Vest-Agder: 210
  • Rogaland: 209
  • Trøndelag: 209
  • Hedemark: 201
  • Akershus: 182
  • Østfold: 164

Totalt har 1.135 .294 .443 einingar vorte panta i Noreg det siste året.

Kjelder: Infinitum og SSB

Fleire millionar flasker

Det betyr at fleire millionar fleire flasker kjem til å komme i retur. Da blir det mindre CO2-forureining og søppel i naturen.

Den nye panten har vore gradvis innført sidan nyttår, men 1. september var den siste fristen for alle som må leggje om til ny emballasje. Dermed får du tilbake 2 kroner for alle flasker – eller 3 kroner for dei som er større enn ein halv liter.

Drikk heime

Mykje av panten i dag kjem frå brus og øl som folk drikk heime. Men når ein er på farten, er det lett å slurve med panten.

Tor Guttulsrud er økonomi-direktør i Infinitum. Han vil få ungdom til å tenkje seg om.

– Mange unge drikk energidrikkar på bussen, for eksempel, og set igjen eller kastar boksen. Vi må nå ut med informasjon om verdien og miljø-effekten, seier Guttulsrud.

Søppel-kasser med flaske-haldarar

Fleire kommunar har òg byrja med eigne ringar og haldarar for flasker på søppel-kassene. Der kan folk setje frå seg flaskene og boksane til dei som ønskjer å løyse inn panten.

– Diskusjonen om å innføre ein enda høgare pant for å få inn enda meir tomgods er nok lagt død inntil vidare. Det er ein balanse mellom for høg pant og passe pant. Dersom han blir for høg, er erfaringa at det kan freiste til juks på forskjellige måtar, forklarer Guttulsrud.

Første gong sidan 1993

Det har tatt si tid å få auka flaskepanten. Alt i 2013 tok regjeringa initiativ til å auke satsen. Noko av grunngivinga var da at pante-prisen var 2,50 for store flasker, sjølv om 50-øringane hadde gått ut av bruk.

Likevel vart saka liggjande lenge hos regjeringa før dei endeleg sende forslaget ut på høyring i fjor sommar.

Før nyttår varsla Klima- og miljødepartementet at panten skulle hevast for første gong sidan 1993.

Les òg: Forskere oppdaget stoff som spiser plast

Les òg: Vi endrer vaner – for miljøets skyld