Justisminister Tor Mikkel Wara og forsvarsminister Frank Bakke-Jensen var på plass i Fredrikstad fredag morgon, der militære køyretøy og materiell til Nato-øvinga Trident Juncture vart lossa.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Første storinnrykk i samband med Nato-øvinga

SamfunnMilitær-doningar i alle fasongar rulla ut av lasteskipet Ark Germania i midten av september. Det markerte at førebuingane til Nato-øvinga er i full gang.

  • © NTB
  • Publisert:

Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H) og justisminister Tor Mikkel Wara (Frp) var begge på plass i Fredrikstad for å ta imot Nato-lasta. Aldri før har det komme så mykje militært utstyr til ei øving i Noreg.

Fakta om NATO

  • NATO vart danna i USA i 1949.
  • Berre tolv vestlege land var med i alliansen frå starten av.
  • Noreg var ein av statane som var med frå starten.
  • I dag har NATO 29 medlemsland.
  • Alliansen er forplikta til å hjelpe eit medlems-land dersom det blir angripe av eit anna land.

Fleire stader i landet kjem folk til å få merke at øvinga Trident Juncture er i gang.

Forsvarsministeren seier at øvinga skal vise at vi kan forsvare oss.

– Først og fremst skal øvinga få vist at vi er klare. Dette er eit signal om at vi eigentleg vil vere i fred. Vi øver også for å sleppe å bruke dette, seier forsvarsministeren.

Bakke-Jensen og Wara kom til Fredrikstad med helikopter for å vere med på ei av dei første ilandføringane. Dei markerer òg opptakten til øvinga – den største i Noreg på omkring 25 år.

Hundrevis av køyretøy

På lasteskipet Ark Germania var det 250 militære køyretøy og 70 konteinarar med utstyr. Alt skal fraktast vidare på vegane, hovudsakleg til Gardermoen, men òg til Sessvollmoen og Rena. Lasta skal fordelast på til saman 16 kolonnar.

Overfarten frå Emden i Tyskland har tatt to dagar. Vêret har vore fint, og den tyske løytnanten Nikolaus Berghammer, som har ansvaret for transporten, er fornøgd.

– Alt har gått som planlagt, fortel han etter å ha prata med dei norske statsrådane.

Raskt unnagjort

Det tyske mannskapet lossa av nesten alt på nokre formiddagstimar. Lastebilar, kran-tanks, tankbilar og anna spesialutstyr rulla ut av skipet saman med meir sivil-prega køyretøy som truckar og bussar.

Ingeniør-utstyret kjem alltid først. Meir tradisjonelle militær-køyretøy som panservogner og stridsvogner kjem seinare.

Store mengder militær-utstyr og 40.000 personar kjem til Noreg før feltøvinga byrjar 25. oktober. Totalt kjem det inn 70 skip til forskjellige norske hamner i forkant av øvinga. I tillegg kjem det òg ein del med tog og fly.

Trafikk

Det kan bli spennande å sjå korleis trafikken og kvardagslivet blir påverka av militær-transportane.

– Dette er ei utfordring for vegnettet. Særleg der det ikkje er full kapasitet, seier Fred Anton Mykland. Han er prosjektleiar i Statens vegvesen.

Vegane i Nordland, Trøndelag, Møre og Romsdal, Oppland, Hedmark, Oslo og Akershus og Østfold får alle merke førebuingane til øvinga.

Soldatar og offiserar frå 31 land skal delta i øvinga. Alle dei 29 medlemslanda i NATO er med i tillegg til Sverige og Finland.

Den 30. oktober blir det styrkedemonstrasjons-dag på Byneset utanfor Trondheim. Da blir det oppvisning med fly og fartøy for militærsjefane og ambassadørane frå NATO-landa. Dit kjem òg generalsekretæren i NATO, Jens Stoltenberg.

Militær-køyretøy og utstyr til Nato-øvinga Trident Juncture vart lossa av det danske lasteskipet Ark Germania i Borg hamn i Fredrikstad. Til saman kjem det 3.700 køyretøy via hamna i Fredrikstad.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix