BEKYMRA: – Det å ha nokre timar i døgnet som er mobilfrie, er veldig viktig. Om nokre år kjem vi til å sjå effekten av mobilbruken i dag, og eg er redd for det vi da får sjå, seier Linda Hofstad Helleland.

Arkivfoto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Barneministeren støttar mobilfrie skular

TeknologiFleire norske skular har innført mobilforbod. No vil barne- og likestillingsminister Linda Hofstad Helleland (H) løfte fram forbodet som ei nasjonal sak.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

Det seier ministeren til Adresseavisen.

For to og eit halvt år sidan vart Hoeggen ungdomsskule den første skulen i Trondheim med mobilfri sone. Skulen har sidan sagt at dei har gode erfaringar med ordninga. Elevane rører meir på seg og er meir sosiale.

Fakta om mobilbruk

  • 87 prosent av 9–11-åringane har eigen smarttelefon.
  • I aldersgruppa 12–14 år har 97 prosent eigen mobil.
  • Blant gutar og jenter i 15–16-årsalderen har så godt som alle eigen smarttelefon.
  • 45 prosent av dei mellom 9 og 18 år meiner sjølve at dei bruker for mykje tid på mobilen.
  • Jentene er meir kritiske til eigen tidsbruk enn gutane.

Kjelde: Barn og medium-undersøkinga til Medietilsynet i 2018

Bleiker vidaregåande skule i Asker har på si side innført obligatorisk låsing av mobilar i låsbare posar.

Les óg: Elever mister konsentrasjonen av mobilen

Nasjonal sak

I Noreg er det opp til kvar skule korleis mobilbruken skal vere, men Helleland vil ha mobilforbod i skulane over heile landet.

– Eg er opptatt av at alle ungar skal ha moglegheita til å vere til stades i skulekvardagen og bli minst mogleg forstyrra. Det å ha nokre timar i døgnet som er mobilfrie, er veldig viktig. Om nokre år kjem vi til å sjå effekten av mobilbruken i dag, og eg er redd for det vi da får sjå, seier ho.

Les óg: Månen skal få mobilnett

Bekymra

Helleland er bekymra over effekten sosiale medium kan ha på ungdommane.

– Vi ser eit ekstremt press på korleis ein eksponerer seg sjølv, og kva ein blir eksponert for. Før var det læraren eller nabojenta som var rollemodellen, no er det Kardashians og bloggarane. Det er veldig viktig at skulen snakkar om dette, seier ho.

Og så understrekar ho at regjeringa ikkje har behandla eit nasjonalt forbod.

Les óg: Flere leser aviser på mobilen

Frp-politkar skeptisk

Leiaren for utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget, Roy Steffensen (Frp), er ikkje like overbevist om at mobilforbod er vegen å gå.

– Eg er i utgangspunktet skeptisk til at vi skal detaljstyre skulen frå Stortinget. Eg synest skulane sjølve bør få vurdere bruken av telefon. Eg har tillit til at lærarane og rektorane klarer å handtere dette på ein god måte viss ein meiner det øydelegg for undervisninga, seier Steffensen i ein kommentar til NTB.

– Mobiltelefon og bruk av sosiale medium er kanskje ein av dei største folkesjukdommane i vår tid, og det påverkar nok konsentrasjonen. I arbeidslivet kan ein heller ikkje vente å få sitje med Snapchat og Facebook heile dagen, så eg har stor forståing og aksept for det om skulane ønskjer å styre mobilbruken, legg han til.

OK? Fleire norske skular har innført mobilforbod.

Illustrasjonsfoto: Thomas Brun / NTB scanpix