MESLINGAR: Så mange som 41.000 mesling-tilfelle vart registrerte i Europa frå januar til juni i år.

ILLUSTRASJONSFOTO: PHICHET CHAIYABIN / SHUTTERSTOCK / NTB SCANPIX

WHO: Fleire får meslingar i Europa

HelseVerdshelseorganisasjonen (WHO) ber landa i Europa om å vaksinere fleire mot meslingar. Smitte-tala er mykje høgare enn i fjor.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

Fakta om meslingar

  • Meslingar (Morbilli) er ein barnesjukdom med utslett. Meslingane kjem av meslingvirus. Det er den alvorlegaste barnesjukdommen.
  • Som med andre barnesjukdommar kan òg vaksne bli smitta og bli sjuke.
  • I Noreg fekk vi vaksine mot meslingar i 1969. I 1983 vart denne vaksinen kombinert med vaksinar mot raude hundar og kusma. Den kallar vi MMR-vaksinen.

Ein dramatisk auke

Zsuzsanna Jakab er regionaldirektør for Europa i WHO.

– Etter det låge talet for 2016 har vi sett ein dramatisk auke i talet på smitta. Dessutan strekkjer utbrota seg over større område, seier ho.

WHO seier at dei høge tala i første halvår heng saman med at færre blir vaksinerte, særleg i svake og utsette grupper. For å hindre større utbrot meiner WHO at vaksinasjons-dekninga må vere på 95 prosent av befolkninga.

Halvparten i Ukraina

Sju land registrerte over 1.000 tilfelle i første halvår i år: Frankrike, Georgia, Hellas, Italia, Russland, Serbia og Ukraina.

Med 23.000 tilfelle står Ukraina for over halvparten av alle smitta i Europa. Av dei 53 landa som høyrer til i Europa, hadde Serbia flest dødsfall med 14.

Meslingar er ein svært smittsam sjukdom. Smitta blir spreidd gjennom nysing, hosting, nær personleg kontakt eller direkte kontakt med spytt eller slim frå smitta personar. Barn og gravide som ikkje er vaksinerte, er særleg utsette for meslingar, ifølgje WHO.