DRONE: Det har vorte vanleg å bruke dronar i krig. Men dronane blir styrte av menneske. Såkalla drapsrobotar tar teknologien til eit anna nivå ved å bruke kunstig intelligens. Biletet viser ein drone som fraktar to gass-granatar som skal nyttast under samanstøytar mellom opprørarar og tryggingsstyrkar i hovudstaden i Afghanistan, Kabul.

FOTO: MOHAMMAD ISMAIL / REUTERS / NTB SCANPIX

Organisasjon vil ha forbod mot «drapsrobotar»

TeknologiOrganisasjonen Human Rights Watch oppfordrar medlemslanda i FN til å forhandle fram eit forbod mot såkalla drapsrobotar.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

Over 70 land deltar denne veka på eit FN-møte om autonome våpen i Genève i Sveits. Human Rights Watch (HRW) ber landa om å bli einige om å starte forhandlingar om eit forbod mot robotvåpen neste år.

Fakta om robotar 

  • Ein robot er ei mekanisk innretning som er programmert til å løyse praktiske oppgåver.
  • Robotar kan fange opp og reagere på det som skjer rundt dei, og setje i verk eller avslutte handlingar etter fastlagde reglar.
  • Ordet robot er henta frå tsjekkisk og betyr «arbeid».

Kjelde: Wikipedia 

Utan menneskeleg kontroll

Målet må vere å lage ein avtale som krev at menneske må ha kontroll over våpen og maktbruk, meiner organisasjonen.

Det bør vere forbode å utvikle, produsere og bruke våpen-system som opererer sjølvstendig og utan menneskeleg kontroll, heiter det i den 46 sider lange rapporten Heed the Call: A Moral and Legal Imperative to Ban Killer Robots. Den la HRW fram i samband med møtet i Genève.

Utan noko spesifikt mål

– Det å tillate utvikling og bruk av drapsrobotar undergrev etablerte moralske og juridiske standardar, seier våpenforskar Bonnie Docherty i HRW. Ho er koordinator for prosjektet Campaign to Stop Killer Robots, der HRW og fleire andre organisasjonar er med.

Under FNs våpenkonvensjon har landa diskutert robotvåpen sidan 2013. I fjor etablerte dei ei eiga ekspertgruppe som no arbeider med desse spørsmåla, men utan at det er sett noko klart mål.

Støtta av 26 land

Så langt har 26 land støtta eit forbod mot autonome våpen-system. Over 20 fredsprisvinnarar og over 160 religiøse leiarar og organisasjonar krev forbod.

I juni forplikta Google seg til å ikkje utvikle kunstig intelligens til våpenbruk. Og i fjor åtvara sjefen for Tesla, Elon Musk, om at krigsteknologien kan komme til å springe frå menneskja viss vi ikkje bremsar den raske robot-utviklinga.