LITEN: Forstørra bilete av hovudlus. Ei vaksen hovudlus er 2–3 millimeter lang, syg blod i hovudbotnen og festar seg til hårstrå.

Foto: PREBEN OTTESEN / FOLKEHELSEINSTITUTTET / NTB SCANPIX

Klart for ny sesong med hovudlus og lusesjekk

HelseMed skulestart følgjer òg ein ny sesong for hovudlus. I år skal Folkehelseinstituttet undersøkje korleis lusesituasjonen har utvikla seg.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

Denne veka har Folkehelseinstituttet oppfordra alle familiar som har barn i skular og barnehagar, til å sjekke om barna har lus.

Fakta om hovudlus

  • Lus er ein insekt-orden med det vitskaplege namnet Anoplura.
  • Kjent for å setje seg fast på og suge blod frå ulike dyr.
  • Omgrepet «lus» blir òg brukt om andre smådyr, som bladlus og veggedyr.

Kjelde: Wikipedia 

Dersom mange sjekkar seg samtidig, kan fleire oppdage at dei har hovudlus, og gjere noko med det. Det kan redusere luseplaga og gjere smittefaren mykje mindre.

Både barn og vaksne

Både barn og vaksne kan få hovudlus, men barn får det oftare. Folkehelseinstituttet understrekar at hovudlus ikkje har noko med reinslegheit å gjere. Hovudlusa overlever også i hår som blir vaska ofte.

Lusa smittar ved at lusene kryp frå håret hos ein person til ein annan når hovuda kjem nær kvarandre.

Hovudlusa syg blod

Hovudlusa syg blod i hovudbotnen, og bita kan gjere at det klør. Lusa er berre 2–3 millimeter lang. Føtene har klør som lusa lett kan gripe tak i hårstråa med. Egga deira festar seg òg til hårstråa.

Kløe i hovudbotnen kan vere eit teikn på hovudlus, men det går òg an å ha lus utan at det klør. Nokre gonger byrjar det å klø først etter ei stund.

Med ein lusekam

Du kan sjekke om du har lus, med ein lusekam. Legg eit kvitt handkle over skuldrene og kjem fuktig hår med ein fin-tanna kam. Etterpå sjekkar du både kam og handkle for lus og egg.

Hovudlus må behandlast med lusemiddel. Vanleg hårvask drep verken lus eller luseegg.

Undersøking

Samtidig med hovudlus-kampanjen neste veke gjennomfører Folkehelseinstituttet ei eiga spørjeundersøking om hovudlus.

Forskar Bjørn Arne Rukke er prosjektleiar for undersøkinga. Han er spent på resultata.

– Vi gjorde den same undersøkinga i 2008 og ser no fram til å kunne samanlikne og sjå korleis dette har utvikla seg på ti år, seier Rukke.

41 barneskular

Alle elevane ved 41 barneskular i Oslo, Bergen, Trondheim, Bodø og Tromsø er inviterte til å vere med på undersøkinga. Dette er dei same skulane som var med for ti år sidan.

Undersøkinga går ut på at alle i kvar husstand skal kjemmast med lusekam. Blir det fangst, vil Folkehelseinstituttet ha lusene tilsende i ein pose.

Målet med undersøkinga er å få meir kunnskap, slik at vi kan redusere førekomsten av hovudlus i Noreg.