RISIKO: Studiar viser at ungdommar som lir av fedme, har auka risiko for hjarte- og karsjukdom i vaksen alder.

ILLUSTRASJONSFOTO: SARA JOHANNESEN / NTB SCANPIX

Fedme er forskjellig for jenter og gutar

HelseNy forsking viser at overvektige gutar lever meir usunt enn overvektige jenter. Forskarar og helsestyresmakter lurer på om dei har takla problemet på feil måte.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

Tiltaka mot fedme og overvekt hos barn og unge har ikkje gitt så veldig gode resultat. Somme tenkjer derfor at det no kan vere lurt å sjå på forskjellane mellom jenter og gutar.

Éin av dei er forskaren Lisa Ha Barstad. Ho er klinisk ernærings-fysiolog ved Senter for sjukleg overvekt ved Sjukehuset i Vestfold i Tønsberg.

Fakta om fedme hos barn og unge

  • 1 av 6 norske barn og unge lir av overvekt eller fedme. Dei tala har vore stabile dei siste åra for barn, men er litt aukande blant ungdom.
  • Blant åtteåringane er 13 prosent av gutane og 17 prosent av jentene overvektige eller har fedme.
  • Tal frå verneplikts-sesjonane viser at om lag 23 prosent av syttenåringane er overvektige eller lir av fedme.
  • Det er mindre overvekt og fedme hos barn i familiar der dei vaksne har vidaregåande eller høgskule-utdanning.
  • Prosentdelen overvektige barn er 50 prosent høgare på landsbygda enn i byane.

(Kjelder: The Lancet, Barnehelserapporten, "Effekt av tiltak for barn og unge med overvekt eller fedme" FHI 2016 og Norsk Pasientregister)

Forskjellar på jenter og gutar

Barstad kom tidlegare i år med ein studie om risiko-faktorane for hjarte- og karsjukdom hos 268 ungdommar i alderen 12 til 18 år som lir av fedme. Der fann ho mellom anna at det var store forskjellar på fedme blant jenter og gutar.

– Ein bør vere klar over at det kan vere kjønns-forskjellar, til dømes at gutar er tilbøyelege til å ha høg skjermtid, og at jentene er meir tilbøyelege til å hoppe over frukosten. Gutane har òg høgare inntak av sukker-haldig brus og et mindre grønsaker. Samtidig er det òg meir høgt blodtrykk blant gutane, seier Barstad til NTB.

– Det er viktig med tiltak

Barstad meiner det er viktig med tiltak som fører til mindre stille-sitjing og regelmessige måltid. Men så meiner ho det kan vere ekstra viktig å prøve å få gutar til å bruke mindre tid framfor skjermen og jenter til å passe på frukosten.

– Vi treng meir forsking på gode og tidlege tiltak for å fremje sunnare vanar hos barn. Vi må òg forske på om tiltaka skal vere annleis for gutar enn for jenter, seier Barstad.

Viktig livet ut

Studiar viser at ungdommar som lir av fedme, har auka risiko for hjarte- og karsjukdom i vaksen alder. Den risikoen er større for feite gutar enn feite jenter, ifølgje Barstad. Legar, helsesøstrer og sjukepleiarar bør vere obs på at risikoen kan vere annleis for jenter enn for gutar, meiner ho.

– Utover blodtrykk og blodprøver er det viktig òg å spørje om livsstils-vanar som kan gi auka risiko for livsstils-sjukdom seinare i livet, seier ho.

Les òg: 124 millionar barn med-fedme

Rapport viste betring

Folkehelseinstituttet la i mai fram rapporten «Helsetilstanden i Norge». Den viste at helsa hos nordmenn har vorte betre på fleire område, men ikkje når det gjeld fedme og diabetes. Der aukar problema i Noreg, ikkje minst fordi mange sit for mykje i ro.

Åse Michaelsen (Frp) er eldre- og folkehelseminister. Ho sa den gongen til NTB at regjeringa vil satse meir på å få barn og unge til å bli sunne.

– Det handlar om å gi dei ein god start, gode vanar og førebyggje sjukdom. Vi må sjå til arenaer der barn og unge blir forma, sa ho.

Heile familien

No i starten på skuleåret rår Barstad vaksne til å passe på at barna og ungdommane får gode matvanar, faste måltid og fysisk aktivitet. Det grunnleggjande er å ha den rette balansen mellom inntak og forbruk av energi. Maten du et, bør ha like mykje energi i seg som det du bruker gjennom dagen.

– For store porsjonar mat og mat med mykje kaloriar gjer at du får inn meir energi enn det kroppen treng. Regelmessige måltid, inkludert frukost, kan gjere det lettare å regulere mat-inntaket gjennom dagen. Det kan gjere at det totale energi-inntaket ikkje blir større enn det som trengst på ein inaktiv dag, seier ho.

Les òg: 820.000 nordmenn kjøper hurtigmat kvar månad

Foreldra er viktige rolle-modellar

Til slutt minner ho om at ein vaksen som droppar frukosten kvar dag og stadig sit klistra til skjermane sine, ikkje er ein god rolle-modell.

– Eg meiner det er gunstig om heile familien er med på livsstils-endringar, enten det gjeld skjerm-tid, søvn, aktivitet eller kosthald. Foreldra er viktige rolle-modellar, og ein sunnare livsstil gjer jo godt for dei vaksne òg, seier Barstad.