Inne i fjellet ved det nasjonale laboratoriet til Justervesenet på Kjeller står safen med den norske prototypen til kilogrammet.

FOTO: NTB SCANPIX

Tida renn ut for alle kiloers mor

ØkonomiVekta av ein kilo blir definert av eit lodd som ligg i eit kvelv i Paris. No er det truleg snart slutt på det.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

Om ganske nøyaktig eitt år er tida truleg over for Paris-kiloen. På den internasjonale meteorologi-dagen 20. mai neste år skal eit nytt system for å måle vekta av ein kilo mest sannsynleg vere på plass.

Henning Kolbjørnsen er sjefingeniør og arbeider med dette i Justervesenet.

– Det som er spesielt med kiloet, er at det i dag er den einaste måle-eininga som blir definert av eit objekt og ikkje ein naturkonstant, seier han.

Ikkje godt nok

No blir det mest truleg ein slutt på det. I november vedtar venteleg den internasjonale Generalkonferansen for mål og vekt (CGPM) at kilogrammet heretter skal definerast av ein naturkonstant.

– Kilogrammet i Paris er ikkje godt nok, og det er heller ikkje stabilt. Det endrar seg over tid, og det å ha ein definisjon som endrar seg, er ikkje lenger godt nok. Ved å hekte det opp mot naturkonstantane blir det meir presist og stabilt. Den teknologiske utviklinga krev noko meir stabilt, seier Kolbjørnsen.

Den nye definisjonen av kilogrammet kan opne for fleire ulike metodar. Éin av desse metodane er å bruke Kibble-balansen. Den måler elektromagnetisk kraft mot påverknaden som tyngdekrafta har på eit objekt. Dermed får ein ei lesbar spenning som kan nyttast til å definere massen i eit objekt.

Reint praktisk er det likevel ikkje snakk om store endringar for vanlege folk.

Fakta om måleeiningar for vekt

1 kilogram (kg)........ = 1000 g
1 hektogram (hg)....... = 100 g
1 dekagram (dag)....... = 10 g
1 gram (g)............. = 1000 mg
1 desigram (dg)........ = 0,1 g
1 centigram (cg)....... = 0,01 g
1 milligram (mg)....... = 0,001 g

Kjelde: Kunnskapsbasen.com

– For mannen i gata får ikkje dette nokon direkte konsekvensar. Det er meir innanfor forskinga hos dei som er opptatt av å beskrive naturen vi lever i, at ein vil ha nytte av eit betre referansesystem, seier Kolbjørnsen.

Objekta blir framleis viktige

Noregs offisielle kilogram står hos Justervesenet på Kjeller i Akershus. Det er laga av ei legering av platina og iridium og har ei høgde og ein diameter på 39 millimeter. Der står det stort sett inne i ein safe, innkapsla av to glasklokker.

– Eg har hatt ein del omvisingar på bygget her, og ein ser tydeleg at det å vise folk kiloet, har noko ved seg. Visualiseringa av det nye kilogrammet blir vanskelegare, sjølv om vi er i ferd med å byggje ein legomodell av Kibble-balansen. Den skal vi bruke til å forklare det nye prinsippet med, seier sjefingeniør Kolbjørnsen.

Han er likevel klar på at verken det norske kilogrammet eller Paris-kiloet har spelt ut sine roller når den nye definisjonen kjem på plass.

– Dei fysiske objekta kjem framleis til å vere viktige for at målinga skal kunne halde fram med å vere sporbar. Derfor kjem det fysiske kilogrammet stadig til å vere ein referanse, sjølv om det ikkje lenger skal vere definisjonen av kiloet, seier Kolbjørnsen.