HUSK SOLVETT: Herleg med uteaktivitetar, sommarskule og sol – men viktig å ta pausar frå dei sterke strålane også.

Foto: Erik Johansen / NTB scanpix

Solvett: Viktig å finne litt skugge på sommarskulane

HelseNår sola er på det sterkaste i Noreg, startar mange barn og unge på ferie-aktivitet nummer éin: sommarskulane. Arrangørar og ekspertar minner om at det kan vere lurt å gå i skuggen. 

  • © NTB
  • Publisert:

Med ein gong sommarferien er i gang ved jonsok, startar også sommarskulane. Svært mange av dei har program utandørs heile dagen.

Lill Tove Nilsen er forskar ved Statens strålevern. Ho synest er fantastisk bra med all den fysiske aktiviteten på sommarskulane, men minner om at det då òg kan vere lett å gløyme sola.

– Dette er tida da sola er på sitt sterkaste i Noreg. Då er det viktig å ha ein strategi for korleis ein skal få pausar frå sola ein lang utedag, seier Nilsen til NTB.

Solvett-reglane går i kort ut på å verne seg mot sola, helst med klede og skugge, men òg med solkrem med minst faktor 15 når ein er eksponert for direkte sollys.

– Frisk luft og aktivitet er flott, men arrangørar og andre med ansvar må sørgje for at det er tilgang på skuggestadar dagen gjennom. Dei må òg ha ein tidsplan med felles-pausar borte frå sola, særleg mellom klokka 12 og 15. Då er solstrålane på det sterkaste, seier ho.

Når deltakarane på sommarskulen har vore mykje ute i sola, kan det vere ein god idé med innepausar, for eksempel ved lunsjtid, når sola er på det sterkaste.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Samarbeid

Den største sommarskule-arrangøren i Noreg er Norges Fotballforbund og meieriselskapet Tine. Dei arrangerer for 21. året på rad Tine Fotballskule. I år skal 69.000 barn og 11.000 trenarar, blant dei mange ungdommar og frivillige, vere med på fotballskular over heile landet.

Fakta om solvett

Kjelde: Tine Fotballskole og Kreftforeningen

Fagansvarleg for Tine Fotballskule i Fotballforbundet André Paulsen er klar over at det kan bli mykje sol.

– Det tar vi på største alvor, og vi har samarbeidd med Kreftforeningen om dette, forsikrar han.

– Alle arrangørane våre har tilgang på ein eigen fotballskule-portal, og der er solvett ein viktig del og eit eige punkt på sjekklista.

Ute på bana er det ikkje så lett å finne skugge, og det er heller ikkje så lett å bruke solhatt og solbriller når ein speler fotball. Men dei fleste fotballskulane har ein times lunsjpause ein gong mellom 11.30 og 13. Da blir deltakarane oppmoda til å gå i skuggen.

– Vi har òg poengtert at det bør vere tilgang til skugge elles òg, seier Paulsen. Det skal vere lett å finne ein plass med skugge mellom slaga.

Sjøskular

Kristin Wiig Sandnes arbeider med førebygging i Redningsselskapet. Ho fortel at dei i år skal ha rundt 1.000 barn  på ulike sommarskular. I tillegg arrangerer dei sjøleirar og arrangement i samarbeid med skular over heile landet.

– Vi har alltid vore opptekne av vêret. Det er ein del av det vi må lære barn om det å vere i båt. Det å vere ved sjøen og på sjøen når det er sol, gir ein fleirdobla effekt. Vatnet reflekterer strålane, og det må ein lære. Det å bruke solkrem og anna vern då er like viktig som å bruke ullundertøy når det er kaldt, seier ho.

– Vi sørgjer for å ha lavvoar og skugge-tilgang og høve til innetid. Vanlegvis er vi faktisk mest utsette for kulde, så solstikk og folk som blir solbrende, er for å vere heilt ærleg nesten ei herleg problemstilling for oss. Mange stadar handlar planlegginga vår om å ha stadar å komme inn og varme seg, seier Wiig Sandnes.

Byggje skugge

I fjor sende strålevern-styresmaktene i Norden ut ei felles fråsegn til kommunar og byplanleggjarar der dei oppmoda kommunane til å lage i stand gode skuggestadar for barn og unge. Bakgrunnen var at stadig fleire menneske i Norden får hudkreft. Derfor må tilgangen på skuggestadar bli betre.

Forslaga gjeld slike ting som seglduks-tak på leikeplassar, gjennomsiktig tak med UV-filter på uterestaurantar, treplanting på opne plassar, eller benkar under større konstruksjonar. Desse eksempla kan passe godt for dei som skal lage pausestader på sommarskulane òg.

Kreftforeininga minner dessutan om solvenn-rutinane sine, eit sett med køyrereglar for dagar med mykje sol. Dei er utvikla for dei såkalla solvenn-barnehagane, som det i dag finst over 1.600 av i Noreg.