ORD: Datasikkerhets-firmaet ber derfor folk vere merksame på ord som «kontrakt», «oppkjøp», «konfidensialitet» og «hastverk» når dei les e-postar.

FOTO: BERIT ROALD / NTB SCANPIX

Noreg i verdstoppen i e-postsvindel

TeknologiHyppig bruk av vikarar gjer sommaren til høgsesong for «direktørsvindel». Berre USA, Australia og Storbritannia er meir utsett for slik svindel enn Noreg.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

Karianne Myrvold er marknads- og kommunikasjonssjef i datasikkerheits-firmaet Trend Micro.

– Vi har høg velstand og høg tillit til kvarandre og til offentlege institusjonar. Dette gjer oss litt godtruande, og fleire undersøkingar viser at vi er ganske naive. Dette gjer at vi blir særs attraktive for svindlarar, seier ho til NRK.

Fakta om svindelbrev

  • Svindelbrev er ein type svindel som gjennom eit brev prøver å lura mottakaren til å senda pengar til avsendaren. Svindelbrev er særs vanleg på internett.
  • Ein typisk metode er at svindlarane påstår at dei har mykje pengar og treng assistanse frå ein person i eit industri-land til å oppretta ein bankkonto for å få gjennomført ein penge-transaksjon.
  • Som motyting vert det lokka med ei økonomisk godtgjersle, gjerne ein viss prosent av totalsummen.

Kjelde: Wikipedia

Stavanger kommune vart svindla

Myrvold forklarer at direktørsvindel går ut på at ein person gir seg ut for å vere leiinga i ei bedrift og målretta går mot personar i for eksempel økonomiavdelinga for å få dei til å utbetale store pengebeløp.

Seinast i mai vart Stavanger kommune svindla for 500.000 kroner. Ein tilsett overførte pengar til ein konto etter at han fekk e-post frå det han trudde var ein dagleg leiar i kommunen.

Les òg: Stadig mer datautpressing 

Firma avdekte 4.000 angrep

Micro Trend avdekte 4.000 slike angrep på verdsbasis dei fire første månadane i 2018. Tre prosent av dei skjedde i Noreg, ifølgje statskanalen. Datasikkerheitsfirmaet reknar med at det i år på verdsbasis blir svindla for 90 milliardar kroner på denne måten.

Økokrim-sjef Trond Eirik Schea seier til NRK at det er vanskeleg å få pengane tilbake etter at dei er overførte, og understrekar kor viktig det er med førebyggjande arbeid.

Les óg: Mange kan være rammet av lekkasjer fra Facebook 

Ver merksam på ord

Myrvold ber derfor folk vere merksame på ord som «kontrakt», «oppkjøp», «konfidensialitet» og «hastverk» når dei les e-postar.

– Føremålet er å få dei tilsette til å føle tidspress og få dei til å unngå vanlege prosedyrar, seier ho.

Les óg: Nå kommer de nye personvern-reglene