POPULÆRT: Mange nordmenn liker å kjøpe seg ei pølse i farten, men styresmaktene vil helst at vi skal ete sunnare.

FOTO: HEIKO JUNGE / NTB SCANPIX

820.000 nordmenn kjøper hurtigmat kvar månad

HelseKvar månad er 820.000 nordmenn innom ein bensinstasjon eller kiosk og kjøper seg snøggmat. No skal regjeringa samarbeide med serveringsbransjen om sunnare mat.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

Dei ferske tala har Helsedirektoratet henta ut frå Norske spisefakta 2018. Dei viser òg at 216.000 nordmenn kjøper pølser på bensinstasjonar annakvar veke, mens 130.000 handlar bagettar, sandwichar og matpakker kvar veke.

Divisjonsdirektør Linda Granlund i Helsedirektoratet synest det bør vere lett å velje sunt når ein skal ha seg ein kjapp matbit.

– Alle bør kunne gjere sunne mat- og drikkeval på farten, men dei som ofte nyttar slike tilbod, har eit spesielt behov for lett tilgang til sunne, freistande måltid og vatn. Dette er òg noko vi veit mange forbrukarar ønskjer seg, seier Granlund.

Les óg: – Spis mindre godteri 

Fakta om hurtigmat

  • Hurtig-mat, snøgg-mat, kjapp-mat, gatekjøkken-mat eller fastfood er enkle småretter som blir serverte frå eit gatekjøkken, ein bensinstasjon eller kiosk.
  • Hurtigmat har gjerne vore sett på som billig mat med litt haltande kvalitet.
  • I Noreg har pølse i brød lange tradisjonar som snøggmat.
  • Folk i Finnmark et mest hurtigmat per innbyggjar i Noreg. Kvar finnmarking et i snitt 1,3 kilo pølse i året.

Kjelde: Wikipedia

Avtale om sunn mat

Folkehelseminister Åse Michaelsen (Frp) deltok nyleg på eit møte med leiarane i matbransjen. Partane signerte ein intensjons-avtale om å få folk til å ete mindre salt, sukker og metta feitt, og meir frukt, bær, grønsaker, grove kornprodukt og fisk. Bensinstasjonar og kioskar skal òg vere med på intensjons-avtalen.

– Det er utruleg positivt at også serveringsbransjen sluttar seg formelt til dette samarbeidet, seier Linda Granlund.

Les óg: 124 millionar barn med fedme

Bensinstasjon-mat

Bensinstasjonane har vorte ein viktig del av måltids-marknaden for dei som har mobile arbeidsplassar, slik som yrkessjåførar og handverkarar. For dei er desse stadene i praksis ei jobbkantine, legg Granlund til.

– Vi håper fleire følgjer opp framover, marknadsfører tilboda godt og gjerne tilbyr både vanlege og små porsjonar, seier Granlund.