BÆSJ: Dette kan bli til drivstoff.

ILLUSTRASJONSFOTO: SOLVEIG VIKENE / NTB SCANPIX

Tine vil lage biodrivstoff av kumøkk

MiljøTine har planar om å investere mellom 100 og 300 millionar kroner i eigenproduksjon av biodrivstoff basert på kumøkk.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

Lars Galtung er direktør for kommunikasjon og samfunnsansvar i Tine. Han ser store moglegheiter i kumøkka.

Fakta om biodrivstoff

  • Drivstoff produsert av biologisk materiale. Dette kan vere raps, palmeolje, sukkerrøyr, flis, restar av tre eller matavfall.
  • I utgangspunktet har biodrivstoff mykje lågare CO2-utslepp enn fossilt drivstoff. Men viss det blir produsert i land der regnskogen blir hogd for å gi plass for meir jordbruk, kan utsleppa bli svært høge.
  • Regjeringa og støttepartia vart i 2016 einige om å auke biodrivstoff-delen i vegtrafikken til 20 prosent innan 2020.

Kjelde: NTB

– Vi har enormt med kumøkk, det er det ikkje tvil om. Derfor ser vi moglegheiter i å investere i biogass, seier Galtung til Dagens Næringsliv.

Tine vil byte ut alle bilane

I første omgang har Tine tre bilar som går på komprimert biogass frå meieriet på Sem utanfor Tønsberg. Dei har bestilt to bilar til, og med tida håpar Tine å skifte ut heile den fossile bilparken.

Ein rapport som konsulentselskapet Rambøll har laga, tilrår Tine å involvere seg i biogass-produksjon. Tine kan dekkje heile energibehovet sitt til transport på den måten, slår rapporten fast.

Les òg: Ny dato-merking skal hindre matsvinn

Dei kan redusere utsleppa

Analysen viser at dersom møkka blir brukt til biogass og restproduktet som gjødsel, blir utsleppa per liter mjølk redusert med opptil 13 prosent.

– Dersom anlegget er stort nok med god infrastruktur rundt, er det mogleg å oppnå god lønsemd samanlikna med fossile drivstoff, seier Galtung til avisa.

Tine planlegg eit samarbeid med selskap i Trøndelag, Tønsberg og Jæren for å ta hand om verdikjeda, skriv avisa. Dermed blir Tine både produsent og kunde.

Les òg:  Vi endrer vaner – for miljøets skyld