EIN SKOG UNDER VATN: Mellom tang og tare gøymer småfisk og dyr seg.

FOTO: KJELL MAGNUS NORDERHAUG, NIVA

Tare-skogen i nord treng lang pause etter tråling

MiljøFire års pause før det på nytt blir tråla etter tare er ikkje nok for tare-skogen i Nordland. Plante- og dyrelivet rekk ikkje å komme seg mellom kvar hausting.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

Henning Steen er forskar ved Havforskingsinstituttet og ekspert på tareskogane langs kysten.

Fakta om tareskogane

  • Tareskogane er ei form for undersjøiske regnskogar.
  • Tareskog er vanleg langs det meste av kysten vår.
  • Tareskogane er eit viktig oppvekstområde for mange fiskeslag.
  • Tare blir hausta langs norskekysten opp til nord i Trøndelag.
  • Tare blir brukt som råstoff til alginat.

(Kjelder: Forskning.no, SNL)

– Tareskogen med heile samfunnet sitt av organismar kjem ikkje heilt tilbake til slik som han var før haustinga. Det er vanleg med ein fire års kvile-periode i andre fylke, men viss tare-samfunna skal etablere seg fullstendig før ny hausting, er ikkje fire år lang nok pause i Nordland, seier Steen til nettstaden imr.no.

Tare-tråling

I dag blir det hausta stor-tare kommersielt langs norskekysten opp til nord i Trøndelag. Reglane seier at det skal gå fem å mellom kvar hausting. Da får taren ein pause på fire år. Men det er ikkje nok viss trålarane skal byrje å hauste tare i Nordland òg. Da når ikkje tare-samfunna å komme heilt tilbake før det blir tråla på nytt.

Når det blir tråla etter stor-tare, kjem sjølve taren nokså raskt tilbake. Han blir like stor og tett som før. Men mangfaldet av algar og dyr som lever på og mellom tare-stilkane, bruker lengre tid på komme tilbake, har forskarane funne ut.

Prøve-hausting i Nordland

Forskarane har følgt med når tare-næringa har prøve-hausta stor-tare i dei sørlege delane av Nordland. Dei har studert korleis sjølve taren har vakse opp att, og korleis livet i tareskogen elles har kome tilbake.

Forskarane undersøkjer òg kva tare-haustinga betyr for fisk og skaldyr både i Nordland og nord i Trøndelag. Arbeidet med dette held fram i 2018.

Rapport fra Havforskningen: Tareundersøkelser i Nordland i 2017