Prosjektleiar for strandrydde-ekspedisjonen Malin Jacob framfor seglbåten Vega.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Stadig fleire vil rydda strender

MiljøMerksemda rundt forsøpla hav og strender har ført til at stadig fleire vil hjelpa til å rydda strendene. Laurdag 5. mai er det venta rekordstor oppslutnad om den årlege strandryddedagen.

  • © NTB
  • Publisert:

Lise Keity Gulbransen er dagleg leiar i organisasjonen Hold Norge Rent. Det er dei som står bak strandryddedagen.

Fakta om plast langs norskekysten

  • Årleg hamnar 34.000 tonn søppel i havet rundt Noreg.
  • Plasten på strendene utgjer mellom 10 og 15 prosent av plasten i havet. Omtrent 70 prosent av plasten ligg på havbotnen.
  • Plasten hopar seg opp i strandsona langs kysten. Der gjer sol, bølgjer og vind plasten om til mikroplast. Dei ørsmå mikroplast-bitane kan mellom anna spreie miljø- og helseskadelege stoff og vere til skade for fisk, fugl og dyr.
  • Kvart år hamnar rundt rekna 8 millionar tonn plast i verdshava. Ifølgje World Economic Forum kjem det innan 2050 til å vere meir plastsøppel i verdshava enn fisk om vi ikkje gjer noko med problemet.

(Kjelde: Norsk Polarinstitutt/Miljødirektoratet/Hold Norge rent)

– Nærmare 75.000 frivillige har allereie registrert seg til innsats gjennom portalen vår. Dette slår alle tidlegare rekordar, og vi er på god veg mot å nå målet, som er 100.000 strandryddarar i 2018, seier Gulbrandsen i ei pressemelding.

Veksande interesse

Organisasjonen har arrangert den årlege dugnaden for å rydda norske strender sidan 2011.

Interessa for å hjelpa til har dei siste åra teke seg kraftig opp. 49.000 frivillige samla i fjor inn 1.400 tonn søppel frå norske strender. Talet på frivillige var då meir enn 160 prosent høgare enn året før.

Seglskute-tur

Miljøorganisasjonen vil ha med seg enda fleire. I år seglar dei med seglskipet Vega heile vegen frå Oslo til Runde på Sunnmøre og tilbake igjen for å skapa blest om saka.

– Målet er å bevisstgjera endå fleire til å gjera noko med den marine forsøplinga. Samtidig kan vi henta inn kunnskap om utfordringane dei frivillige, kommunane og andre har lokalt langs kysten. Meir kunnskap gjer det lettare å få bukt med problemet, seier Gulbransen.

I byrjinga av mai er det nasjonal dugnad for å få strendene våre reine for søppel.

Foto: Audun Braastad / NTB scanpix