Barn og medium-undersøkinga viser at 48 prosent av dei unge dagleg les nyheiter på sosiale medium.

Illustrasjonsfoto: Mia Oshiro Junge / NTB scanpix

Sosiale medium er den viktigaste nyheitskjelda for barn og unge

KulturNesten halvparten av norske barn og ungdommar mellom 9 og 18 år vil helst lese nyheiter på sosiale medium.

  • © NTB
  • Publisert:

Det viser den siste Barn og medium-undersøkinga frå Medietilsynet.

Fakta om Barn og medium-undersøkinga

  • Medietilsynet gjennomfører Barn og medium-undersøkinga annakvart år.
  • Den siste undersøkinga er frå 2018.
  • Nærare 5000 barn frå 9 til 18 år og 2200 foreldre har svart på spørsmål om medievanane til barn og unge.

Viktig nyheitskjelde

Mari Velsand er direktør i Medietilsynet. Ho seier at underhaldning og kontakt med venner på sosiale medium er viktig for barn og unge, men at dei òg les nyheiter der.

– Også når det gjeld nyheitskonsum, er det sosiale medium dei unge bruker mest, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet.

Barn og medium-undersøkinga 2018 viser at cirka 60 prosent av dei som er rundt 18 år, les nyheiter i sosiale medium kvar dag. For nettaviser er det tilsvarande talet 40 prosent.

Til samanlikning ser cirka 10 prosent av sytten- og attenåringane nyheiter på tv dagleg. Berre 7 prosent les ei papiravis dagleg.

Snap og Insta

For aldersgruppa 9–18 år er Snapchat og Instagram dei mest brukte sosiale media. Facebook er den tredje mest brukte tenesta.

Jamt over er det fleire jenter enn gutar som bruke sosiale medium. Den største kjønnsforskjellen er på Instagram, som blir brukt av 72 prosent av jentene, mot 61 prosent av gutane.

Undersøkinga viser òg at barn og unge bruker mindre tid på tv etter kvart som dei blir eldre, men dei bruker samtidig meir og meir tid på strøyme-tenester. I undersøkinga seier 57 prosent at dei hadde brukt strøymetenester dagen før, mens 50 prosent hadde sett på tv.

Dei unge ser mykje på YouTube: 77 prosent svarte at dei var på YouTube dagen før. Dei unge bruker òg meir tid der enn dei gjer på tv.

Populære seriar

Medietilsynet spurde òg barna om kva tv-program eller seriar dei ser mest på. Totalt sett er «Riverdale» det mest populære programmet. Elleve prosent seier at dette er eitt av programma dei ser mest på. Deretter følgjer «Modern family» (8 prosent), «Side om side» (7 prosent), «Farmen» (6 prosent) og «Stranger Things» (6 prosent).