ANDREDAG: Andre juledag, andre påskedag og andre pinsedag er kanskje ikkje dei dagane då det er flest nordmenn i kyrkja?

ILLUSTRASJONSFOTO: GORM KALLESTAD / NTB SCANPIX

Kristen studentleiar foreslår muslimsk helgedag

KulturVi bør «gi bort» nokre av dei kristne heilagdagane våre til kvinnerørsla, miljørørsla og muslimane. Det meiner leiaren i Norges Kristelige Studentforbund, Ingvild Yrke.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

Forslaget frå Yrke følgjer opp eit utspel prestane Einar Gelius og Per Anders Nordengen kom med nyleg. Dei to meiner at vi har for mange kristne høgtidsdagar.

I eit intervju med Klassekampen foreslår no studentleiaren å byte ut dei såkalla andredagane (andre juledag, andre påskedag og andre pinsedag).

Fakta om helgedagar i Noreg

Ein helgedag er ein dag som er sett av til gudstenestlege handlingar. Desse dagane er helgedagar i Noreg:

  • Vanlege søndagar
  • Nyttårsdagen (1. januar)
  • Skjærtorsdag
  • Langfredag
  • Første og andre påskedag
  • Kristi himmelfartsdag (helgetorsdag)
  • Første og andre pinsedag
  • Første og andre juledag

Kjelde: Store norske leksikon (SNL)

Alternative høgtidsdagar

– Den internasjonale kvinnedagen 8. mars, verdsmiljødagen og dei muslimske høgtidsdagane id al-fitr og id al-adha er gode alternative offentlege høgtidsdagar, seier Yrke.

Ho viser blant anna til at andredagane stammar frå ei tid då mange trong ein ekstra dag på å komme seg til kyrkja. Dessutan meiner ho at det er ei nestekjærleg handling å gi muslimane ein fridag.

– Vi kristne er kalla til å kjempe for dei svake. Vi som er majoriteten, må gi dei den dagen dersom dei nokon gong skal få han, seier Yrke.

Sjokkert over utspelet

Mazyar Keshvari er leiar i Oslo Framstegsparti og vararepresentant for Siv Jensen på Stortinget. Han er sjokkert over utspelet og lurer på om Gelius, Nordengen og Yrke verkeleg er kristne.

– Ein kan med rette spørje om såkalla prestar og kristne som bevisst og aktivt jobbar for å gjere kristendommen mindre relevant for så å innføre islamsk innverknad og dominans, verkeleg er kristne og tener Herren eller heilt andre krefter, seier han til Klassekampen.

Visepresidenten på Stortinget, Abid Raja (V), er heller ikkje særleg begeistra.

– Ein slik bytehandel til fordel for muslimar, blir ei særordning, og ærleg sagt så skaper det heller uroleg grobotn enn fellesskapsbygging, seier han.