Q-TIPS: Utgangspunktet for EU-kommisjonen er at all eingongs-plast bør vere forbode når det finst rimelege og lett tilgjengelege alternativ.

ILLUSTRASJONSFOTO: SHUTTERSTOCK / NTB SCANPIX

EU vil forby q-tips, sugerøyr og plastbestikk

MiljøEU-kommisjonen går inn for å forby q-tips, sugerøyr, bestikk og tallerkenar av plast. Klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) jublar over forslaget.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

Utgangspunktet for EU-kommisjonen er at all eingongs-plast bør vere forbode når det finst rimelege og lett tilgjengelege alternativ. Forbodet dei foreslår no, gjeld eingongsprodukt som bomullspinnar, bestikk, tallerkenar, sugerøyr, rørepinnar og ballongpinnar av plast.

Fakta om plast

  • Sidan 1950 har vi produsert 8,3 milliardar tonn plast. Det er 27 gonger meir enn vekta av befolkninga i heile verda.
  • Rundt 311 millionar tonn plast blir produsert i året. Talet gjeld 2014.
  • Rundt halvparten av plastprodukta er laga for å brukast éin gong.
  • Plast bruker svært lang tid på å bli broten ned.
  • Cirka 10 prosent av all plasten endar i havet.

Kjelder: Bellona, Norsk Polarinstitutt, NIVA

– Ikkje misforstå

Frans Timmermans er visepresident i EU-kommisjonen og understrekar at det ikkje er snakk om å forby verken sugerøyr eller plastbestikk.

– Ikkje misforstå. Desse produkta kjem ikkje til å forsvinne. Dei skal berre lagast av andre materiale. Du kan framleis arrangere ein piknik, drikke ein cocktail og reinse øyra dine, akkurat som før, seier visepresident Frans Timmermans i EU-kommisjonen.

– Skilnaden er at du no kan gjere det med godt samvit, forklarer han.

Les óg: Plast i hval skaper store bekymringe

Pakke med tiltak

Forbodet inngår i ein større pakke med tiltak som EU-kommisjonen no foreslår for å redusere plastforsøplinga i Europa.

Andre forslag er at EU skal krevje at medlemslanda nasjonalt set i verk tiltak for å få ned bruken av matemballasje og drikkeglas av plast. Dei må òg sørgje for å resirkulere minst 90 prosent av plastflaskene. EU-kommisjonen vil òg ha strengare reglar for selskap som produserer fiskeutstyr av plast. Fiskeutstyr av plast står for så mykje som 27 prosent av søppelet langs strendene.

EU-kommisjonen understrekar at kvart land skal få eit stort ansvar for å følgje tiltaka opp nasjonalt.

POSITIV: Klima- og miljøminister Ola Elvestuen.

FOTO: OLE BERG-RUSTEN / NTB SCANPIX

Gjeld Noreg òg

EU-kommisjonen har stempla forslaget «EØS-relevant». Det betyr at dei nye reglane i utgangspunktet òg skal gjelde Noreg.

Eit viktig skritt, meiner klima- og miljøminister Ola Elvestuen. Han har ingenting imot å bli med.

– Eg er veldig glad. Dette er noko eg har venta på, seier Elvestuen på telefon til NTB.

Han lover å komme raskt tilbake til Stortinget med detaljar om korleis dei nye krava skal følgjast opp i Noreg.

– Vi kjem sjølvsagt til å gjere ei vurdering av dette med det same og gå i gang med det førebuande arbeidet. Det er ingen grunn til å vente med tiltak.

 

It’s a photo that I wish didn’t exist but now that it does I want everyone to see it. What started as an opportunity to photograph a cute little sea horse turned into one of frustration and sadness as the incoming tide brought with it countless pieces of trash and sewage. This sea horse drifts long with the trash day in and day out as it rides the currents that flow along the Indonesian archipelago. This photo serves as an allegory for the current and future state of our oceans. What sort of future are we creating? How can your actions shape our planet?
.
thanks to @eyosexpeditions for getting me there and to @nhm_wpy and @sea_legacy for getting this photo in front of as many eyes as possible. Go to @sea_legacy to see how you can make a difference. . #plastic #seahorse #wpy53 #wildlifephotography #conservation @nhm_wpy @noaadebris #switchthestick

A post shared by Justin Hofman (@justinhofman) on