Frode Berg sit fengsla i Moskva skulda for spionasje. Det russiske tryggings-politiet FSB arresterte han i den russiske hovudstaden 5. desember i fjor. 

Foto: Yusuf Maydunov/AP Photo / NTB scanpix

UD vil ikkje seie om Frode Berg jobba for E-tenesta

PolitikkUtanriks-departementet (UD) vil ikkje seie om Frode Berg var på oppdrag for E-tenesta då han vart arrestert i Moskva 5. desember i fjor. Politiet i Russland har sikta Berg for spionasje.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

Sist helg fortalde nordmannen til forsvararane sine at han var i Russland på oppdrag for den norske etterretnings-tenesta då han vart arrestert. Advokatane sa til Dagbladet at Berg har vore på fleire oppdrag for E-tenesta utanlands gjennom åra.

Fakta om Frode Berg

  • Frode Berg (62) er tidlegare grense-inspektør. Han bur i Kirkenes, seks mil frå grensa til Russland.
  • Berg arbeidde ved grense-kommissariatet i Sør-Varanger i 25 år. I 2014 gjekk han av og vart pensjonist.
  • Det russiske tryggings-politiet FSB arresterte Berg i Moskva 5. desember. Han hadde då på seg 3.000 euro i kontantar. FSB skuldar han for å ha prøvd å få tak i hemmelege dokument om den russiske forsvarsflåten. Dei har sikta han for spionasje.
  • Berg meiner han har vorte narra i ei felle. Det har han sagt til den russiske advokaten sin. Det er nordmenn som skal ha bedt han om å overlevere pengane i Moskva.
  • Advokatane til Berg seier at nordmannen var klar over at han handla på oppdrag frå den norske E-tenesta, men dei står fast på at han vart lurt eller svikta.
  • Den 2. februar vart varetektsfengslinga av Berg utvida med tre månader fram til 5. mai.

Frode O. Andersen er kommunikasjons-sjef i Utanriks-departementet. Han seier at dei ikkje vil kommentere opplysningane.

– Det er eit spørsmål som E-tenesta må svare på og ikkje vi, seier Andersen når NTB spør om UD kan stadfeste eller avkrefte at Berg har hatt oppdrag for E-tenesta.

– Men E-tenesta viser alle spørsmål i saka til Utanriks-departementet?

– Det er berre Etterretningstenesta som kan kommentere dette, seier Andersen.

Diplomati

– Kan merksemda som er skapt gjennom utspela i helga, påverke sjansane for at saka blir løyst via «stille diplomati»?

– Det er advokatane som vurderer korleis dei vil representere klienten sin. Eg vil ikkje ha noka meining om det. Det blir prinsipielt heilt feil, seier Andersen til NTB.

Berg har to advokatar til å hjelpe seg, ein russisk og ein norsk. Den norske advokaten heiter Brynjulf Risnes. Han seier til NTB at det ikkje var noko av det som kom fram i helga, som styresmaktene i Russland ikkje visste om frå før. Derfor har det ingenting å seie for saka at det vart offentleg kjent.

Fleire nivå

Berg har sagt til advokatane sine at han føler seg svikta og lurt av styresmaktene i Noreg. Han forstod ikkje kor alvorleg desse oppdraga kunne vere, eller kva konsekvensar det kunne få.

Andersen seier at han forstår at saka er krevjande for Berg og familien hans.

– Vi jobbar på fleire nivå med å få løyst saka. Men eg kan ikkje kommentere i detalj korleis vi jobbar. Vi har teieplikt i konsulær-saker, seier kommunikasjonssjefen i UD til NTB.

Han understrekar at utanriks-tenesta og UD held fram arbeidet for Frode Bergs interesser.