Fleirtalet av dei som får norsk statsborgarskap, får behalde det gamle òg.

Illustrasjonsfoto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix

Seks av ti nye borgarar har dobbelt statsborgarskap

SamfunnHovudregelen er at det ikkje er lov å ha dobbelt statsborgarskap i Noreg. Likevel får seks av ti nye norske borgarar behalde det gamle passet sitt.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

Eritrearar og somaliarar er dei to største gruppene som fekk behalde det gamle statsborgarskapet sitt etter at dei vart norske borgarar i fjor. Det skriv Bergens Tidende.

Fakta om statsborgerskap

  • Eit statsborgerskap vil seie at du høyrer heime i eit land.
  • Når eit barn blir født i Noreg, blir barnet automatisk norsk statsborgar viss mor eller far er norsk statsborgar.
  • Det er òg mogleg å søkje om norsk statsborgerskap.
  • Ein del personar i Noreg har dobbelt statsborgerskap.
  • Regjeringa har foreslått at det skal bli lov å ha dobbelt statsborgerskap i Noreg.

Dei neste landa på lista er Thailand, Afghanistan, Irak og Iran. Det viser tal som avisa har fått frå Utlendingsdirektoratet.

Mange unntak

I fjor fekk 12.500 personar behalde det gamle statsborgarskapet. Det var 59 prosent av alle som vart norske statsborgarar dette året. Prosenten var den same året før. Forklaringa er at det er mange unntak frå hovudregelen om at ein ikkje kan ha dobbelt statsborgarskap i Noreg. Mellom anna gjer Noreg unntak når det ikkje er lov å seie frå seg statsborgarskapet i det andre landet.

Nye reglar på veg

Andre grunnar kan vere at statsapparatet i eit anna land har kollapsa, eller at det er urimeleg kostbart eller risikofylt å kvitte seg med det andre statsborgarskapet på grunn av faktorar som krig eller forfølging. Personar som er fødde med dobbelt statsborgarskap eller giftar seg med utlendingar, kan òg få unntak.

Venstre og SV har ivra for å tillate dobbelt statsborgarskap, og i fjor snudde Høgre og Frp frå nei til ja. Dermed er det venta at regjeringa får fleirtal for eit forslag om å endre reglane.