Satellitten TESS (Transiting Exoplanet Survey Satelite) sit på ein Falcon 9-rakett. Raketten vart skoten opp frå Kennedy Space Center i Florida.

Foto: SpaceX

Ny NASA-satellitt skal jakte på nye planetar

TeknologiNyleg skaut den amerikanske romfarts-organisasjonen NASA opp ein ny satellitt, som skal leite etter planetar utanfor solsystemet vårt.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

Satellitten har fått namnet TESS (Transiting Exoplanet Survey Satelite). Han er ikkje større enn ei vaskemaskin, men har kosta over 2,6 milliardar kroner.

Ein Falcon 9-rakett frå selskapet SpaceX frakta satellitten ut i rommet.

Dei neste to åra skal TESS skanne meir enn 200.000 av dei lysaste stjernene på stjerne-himmelen. Målet er å oppdage planetar som sirklar rundt dei.

Fakta om planetar i andre solsystem

  • Eit solsystem er ei sol (stjerne) med planetar rundt.
  • I 1995 fann astronomane den første planeten utanfor solsystemet vårt.
  • Planetar som går i bane rundt andre stjerner enn sola, blir kalla ekso-planetar.
  • I dag kjenner vi til over 3.000 ekso-planetar.
  • NASA reknar med at satellitten TESS kjem til å oppdage omkring 20.000 eksoplanetar.

Kilde: NASA, Wikipedia

Ekso-planetar

Romfarts-organisasjonen ventar at satellitten kjem til å oppdage omkring 20.000 ekso-planetar, altså planetar som går i bane rundt andre stjerner enn sola vår. Blant dei reknar NASA med at over 50 kjem til å vere om lag like store som jorda.

Elisa Quintana er forskar i NASA. Ho seier dei òg håper å finne «planetar som kretsar rundt stjerner vi kan sjå med nakne auge».

– Snart kan vi til og med gå ut og peike på ei stjerne og vite at ho har ein planet. Dette er framtida, sa Quintana søndag.

Frå fantasi til fakta

Paul Hertz er leiar for astrofysikk-divisjonen i NASA. Han fortel at for to tiår sidan var tanken om å finne planetar som det er mogleg å bu på – eller det å finne ekso-planetar i det heile tatt – berre fantasi.

– Folk har alltid lurt på om vi er åleine i universet. For 25 år sidan var dei einaste planetane vi visste om, dei åtte i vårt eige solsystem. Men sidan har vi funne tusenvis av planetar som kretsar om andre stjerner. No trur vi at alle stjernene i galaksen vår må ha sin eigen familie av planetar, sa Hertz.

Les ogso: SpaceX skaut opp den kraftigaste romraketten i verda