I Finland har politiet brukt elektrosjokk-våpen av typen Taser X26 sidan 2004. Våpenet skyt ut to piler med leidningar festa i enden. Musklane til den som blir treft, blir mellombels lamma.

ILLUSTRASJONSFOTO: GARY CAMERON / REUTERS

Norsk politi får bruke elektrosjokk-våpen

SamfunnFrå årsskiftet neste år skal politiet prøve ut elektrosjokk-våpen fleire stader i landet. Amnesty er kritisk.

  • © NTB
  • Publisert:

Politi-direktoratet starta i fjor ei utgreiing om bruk av elektrosjokk-våpen, og frå 1. januar 2019 skal fire av politi-distrikta gå i gang med prøve-ordninga. Det gjeld politi-distrikta Oslo, Aust, Sørvest og Troms.

Fakta om væpning av politiet

  • Politiet i Noreg ber som hovudregel ikkje våpen. Det gjer politiet i dei andre nordiske landa.
  • I 2013 vart våpeninstruksen i politiet endra. Da fekk dei lov å ha skytevåpen låst inne i politi-bilane. Dermed slapp dei å hente våpen på politistasjonen.
  • I perioden 25. november 2014 til 3. februar 2016 var politiet mellombels væpna. Det skjedde fordi styresmaktene meinte faren for terror-angrep var større.
  • 9. november 2017 vedtok regjeringa å væpne politiet på Gardermoen, i første omgang som ei mellombels ordning.
  • Frå årsskiftet 2019 får politiet prøve ut bruk av elektrosjokk-våpen i fire politidistrikt.

Skal teste ut bruken

Frå før bruker politiet i mellom anna USA, Finland og England slike våpen. Det er erfaringane frå desse landa som gjer at Noreg no ønskjer å teste ut bruken, fortel NRK.

Knut Smedsrud er beredskaps-direktør i Politi-direktoratet. Han seier at politiet i andre land har hatt gode resutlat med elektrosjokk-våpen.

– Det gir mindre skadar enn ein del andre maktmiddel som politiet tradisjonelt bruker, seier Smedsrud.

– Kan vere dødeleg

Elektrosjokk-våpen gir ein støyt på 50.000 volt – over 200 gonger så høg spenning som den vi har i straumkontakten.

Menneskeretts-organisasjonen Amnesty International er uroleg for utprøvinga av elektrosjokkvåpena. Dei synest det er viktig at poliet behandlar våpena som om dei skulle vere dødelege.

Gerald Folkvord er politisk rådgivar i Amnesty International. Han meiner det er viktig å tenkje på at menneske kan få svært alvorlege skadar av elektrosjokk-våpena.

– Det kan til og med føre til død, seier han.

– Det skal handterast på akkurat same måten som eit skytevåpen. Da må det berre brukast i dei situasjonane som ein elles hadde brukt eit skytevåpen i – og ikkje noko anna, seier Gerald Folkvord i Amnesty.

Les òg: Utvalg sier nei til væpnet politi