RAZZIA: Både Norgesgruppen, Rema 1000 og Coop har hatt besøk av Konkurransetilsynet.

Illustrasjonsfoto: Lise Åserud / NTB scanpix

Konkurransetilsynet med razzia hos daglegvare-kjeder

ØkonomiKonkurransetilsynet gjennomførte nyleg ein razzia hos Coop, Rema 1000 og Norgesgruppen. Dei tre mat-kjedene er mistenkte for å ha brote konkurranse-lova.

  • © NTB
  • Publisert:

Mistanken dreier seg om ulovleg pris-samarbeid, skriv Aftenposten. Pris-samarbeid betyr at butikkar som konkurrerer med kvarandre om kundane, har snakka saman og vorte einige om kva ulike varer skal koste.

Fakta om matvarebransjen

  • Tre mektige eigar-grupper dominerer daglegvare-handelen i Noreg:
    • Norgesgruppen med matkjedene Kiwi, Meny, Spar og Joker. Kontrollerer i overkant av 43 prosent av marknaden.
    • Coop. Har vel 29 prosent av marknaden.
    • Reitangruppen (Rema 1000). Har cirka 23,5 prosent av marknaden.
  • Dei tre transporterer sjølv varer ut til butikkane. Det gjer dei gjennom kvart sitt distribusjons-selskap: Asko (Norgesgruppen), Coop Transport og Rema Distribusjon.

Tilsynet stadfestar overfor NTB at dei har henta ut informasjon frå fleire føretak. Men dei vil ikkje seie kva føretak det er snakk om.

Mogleg lovbrot

Magnus Gabrielsen er avdelingsdirektør i Konkurransetilsynet. Han forklarer bakgrunnen for razziaen slik:

– Føremålet med kontrollen er å få stadfesta eller avkrefta mistanke om mogleg brot på forbodet mot konkurranse-avgrensande samarbeid i konkurranselova, seier han til Aftenposten.

Gabrielsen seier at utveksling av informasjon kan dempe konkurransen i matvare-marknaden. I så fall går det ut over forbrukarane. Elles vil han ikkje seie meir om innhaldet i etterforskinga.

– Ingenting å skjule

Coop, Rema 1000 og Norgesgruppen seier det stemmer at Konkurransetilsynet kom umeldt på besøk.

Bjørn Takle Friis er kommunikasjons-direktør i Coop. Han seier dei tok godt imot tilsynet.

– Vi har funne fram informasjonen dei ønskte. Vi konkurrerer knallhardt kvar dag og har ingenting å skjule, seier han til Aftenposten.