STAR: Oppdrag fuglekasse vil ha folk med på å hjelpe den stadig sjeldnare staren med å finne reirplass.

Foto: Jan Erik Røer / Norsk Ornitologisk Forening

Gi fuglane ein heim

MiljøDet er på tide å tenkje på hekke-sesongen. Miljøagentene, Norsk Ornitologisk Forening og Naturvernforbundet vil ha folk med på nasjonal fuglekasse-dugnad.

  • © NTB
  • Publisert:

Med støtte frå Sparebankstiftelsen har dei tre organisasjonane starta prosjektet Oppdrag fuglekasse. Målet er å hjelpe fuglane med gode reirplassar. Men dei vil òg spreie naturglede, kunnskap og engasjement for fuglelivet.

Fuglekassebyggjar-lova

  1. Heng ikkje opp fleire kasser enn du kan vedlikehalde.
  2. Fest kassene slik at dei ikkje skader tre eller kan dette ned.
  3. Forstyrr ikkje fuglane under reirbygging og egglegging.
  4. Rør ikkje egg og ungar.
  5. Reins kassene når hekkesesongen er over.

(Kjelde: Oppdrag fuglekasse)

– Vi ønskjer å få folk meir ut i naturen og spreie kunnskap om dei ulike artane. Samtidig er fuglekasser rett og slett praktisk naturvernarbeid, for mange av fuglane våre treng ein stad å bu.

Det seier Martin Eggen. Han jobbar i Norsk Ornitologisk Forening.

Prosjektet går over tre år. Kvart år skal dei tre organisasjonane velje tre artar som skal få særleg merksemd. I år er det kjøttmeis, star og tjeld. Desse artane kan vente seg fleire fuglekasser å flytte inn i.

Årets fugl, tjelden

Ornitolog-foreninga har peika ut tjelden som årets fugl. Tjelden er som kjøttmeisa tal-rik over heile landet, men bestanden viser teikn på tilbakegang.

Staren var før vanleg over heile Noreg. No er han kategorisert som nær trua, ifølgje Artsdatabanken.

Kjøttmeisa var i hagefuglteljinga i år den mest vanlege arten av alle. Kjøttmeisa har vore den vanlegaste fuglen på fuglebretta kvart år sidan telje-dugnaden byrja i 2008.

Dei tre artane treng ulike typar fuglekasser med ulike mål. For tjelden er det ideelle eit ope hekkebrett. På dei kan òg fiskemåker finne på å slå seg ned. Kjøttmeis og star vil ha tak og vegger rundt reiret.

– For mange fugleinteresserte i Noreg starta interessa med fuglekasser. Det er ein fin måte å komme nært innpå fuglane på. Samtidig er det motiverande å gjere noko praktisk og hjelpe dei, seier Eggen.

TJELD: Ein vanleg fugl over heile Noreg, men bestanden viser teikn på tilbakegang. No oppmodar det nystarta Oppdrag fuglekasse folk til å byggje hekkebrett til dei.

Foto: Jan Erik Røer / Norsk Ornitologisk Forening

Vanskelegare i skogen

Og hjelp treng dei, ifølgje Eggen. Det moderne skogbruket gjer at det blir mindre gammal skog og færre sprekkar og hol-rom i trea. Spette-fuglane, som lagar desse holromma, har det òg vorte færre av i denne typen skog.

– Det er ein av hovud-grunnane til at det er behov for fuglekasser. Ein annan ting er at vi byggjer veldig tette hus. Det gjer det vanskeleg for fuglar som gråsporv og star å finne holrom i dei, slik dei gjorde før.

Hekkinga startar for meis og star i slutten av april sør i landet. Opp mot fjellet og nordover i landet byrjar hekkinga litt seinare.

Den svarte og kvite flugesnapparen er i Afrika om vinteren og kjem først til Noreg i månadsskiftet april–mai. Den trivst i same typen fuglekasse som kjøttmeisa. Dermed går det an å setje opp ei kasse godt uti mai og likevel få fuglar i henne.

KJØTTMEIS: Ein av dei vanlegaste fugleartane i Noreg, men også dei treng fuglekasser å byggje reir i, oppmodar det nystarta prosjektet Oppdrag fuglekasse.

Foto: Jan Erik Røer / Norsk Ornitologisk Forening

Lokale verkstader

Den som kan og vil, kan gå i gang med snikringa med det same. Men det er òg hjelp å få ved lokale fuglekasse-verkstader over heile landet.

– På verkstadene er det meininga at barne-familiar og andre skal kunne komme og snikre seg fuglekasser. Det krev litt utstyr, og det kan vere litt tiltak å gjere det heime.

– Dessutan stiller vi med meir eller mindre ferdige fuglekasse-sett som er lette å spikre i hop, fortel Eggen.

Kamera i kassa

Oppdrag fuglekasse har sett seg som mål å få opp 1.000 nye fuglekasser i år. Dei vil gjerne at folk registrerer kassene sine på nettstaden deira. Der er det òg gode råd og tips å hente.

Den som vil gjere fuglekasse-prosjektet sitt ekstra spennande, kan gjerne montere kamera i fuglekassa. Det går fint så sant det ikkje forstyrrar fuglane. Det forklarer Miljødirektoratet i retningslinjene sine for bruk av kamera i fuglekasser.

– Ja, det finst mykje bra utstyr for det no. Det er fantastisk spennande å kunne følgje med, og du kan dele bileta med venner. Mange synest det er veldig gøy, seier Martin Eggen.