FpU vil vi innføre ein tredje juridisk kjønns-kategori for dei som ikkje føler seg som mann eller kvinne.

Illustrasjonsfoto: Lukatme / Shutterstock / NTB scanpix

FpU vil styrkje det juridiske kjønnet

HelseFramstegspartiets Ungdom (FpU) vil styrkje det juridiske kjønnet. Dei vil òg fjerne all kvotering.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

I dag har vi berre to juridiske kjønn i Noreg, mann og kvinne. Alle har rett til å få byte juridisk kjønn viss dei føler dei er plasserte i feil kategori. FpU synest det burde ha vore eit kjønn til.

Bjørn-Kristian Svendsrud er formann i FpU.

Foto: Sondre Steen Holvik / NTB Scanpix

Bjørn-Kristian Svendsrud er formann i FpU. Han meiner det er utdatert å skilje mellom menn, kvinner og andre.

–  På vegen mot å fjerne det juridiske kjønnet vil vi innføre ein tredje juridisk kjønns-kategori for dei som ikkje føler seg som mann eller kvinne, seier Svendsrud til Klassekampen.

Fakta om juridisk kjønn

  • Det juridiske kjønnet er det kjønnet vi får ved fødselen, og som blir registrert i Folkeregisteret.
  • Personar som har fylt 16 år, kan søkje om å få endre det juridiske kjønnet. Det er ikkje nødvendig å ha ein diagnose eller å ha tatt kjønnsskifte-operasjon.
  • Barn mellom 6 og 16 år kan skifte juridisk kjønn med samtykke frå minst éin av foreldra.

Listhaug imot

Mens Sylvi Listhaug (Frp) var innvandrings- og integreringsminister i 2017, kritiserte ho leiaren i KrF, Knut Arild Hareide, fordi han hadde sagt han var open for å innføre eit tredje juridisk kjønn.

Men Svendsrud bryr seg ikkje så mykje om kva toppane i partiet meiner.

– Eg held meg mest til partiprogrammet. Frp har ikkje nokon programfesta politikk her. Eg er for, Sylvi har vore mot. Eg er opptatt av kva FpU vil at Frp skal stå for, seier Svendsrud.

– Vi vil ikkje gjere forskjell på folk basert på kjønn. Ting endrar seg, og vi ser ikkje kvifor vi skal ha kjønn i lovverket, legg partileiaren til.

Motstand i moder-partiet

Moder-partiet har vore mot dette forslaget tidlegare, og formann Svendsrud kan rekne med å møte motstand i ungdomspartiet òg.

Kjartan Moi Andreassen har verv i FpU og Frp i Bergen. På FpU-landsmøtet 7.–8. april har han tenkt å foreslå at ungdoms-partiet vedtar at «kjønn er noko ein er, ikkje noko ein kan velje eller byte», og at det berre finst to kjønn: kvinne og mann.

Les også:
Norske partier vurderer tredje kjønn