FRISK LUFT: Lofoten er ein av stadene turistane no kan få med seg spray-flasker med frisk norsk luft frå.

Foto: Weston / Shutterstock / NTB scanpix

Australiar vil selje norsk luft på boks

MiljøRory Patterson frå Australia vil selje frisk norsk luft på spray-flasker til turistar i Noreg. Han har starta gründer-firmaet Pure Norway Air på Vågestranda i Rauma.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

Dei miljø-vennlege boksane skal ha bilete av norsk natur på utsida. Tanken er å selje dei til turistar som kjem frå meir forureina strøk av verda. I første omgang lagar firmaet fire variantar: Geiranger, Lofoten, Norge og Trollstigen.

Fakta om luft-forureining

  • Luft-forureining er framand-stoff i lufta som gir helsefare eller ubehag for menneske eller andre levande organismar.
  • Hovud-kjeldene til luft-forureining er utslepp frå industri,  vegtrafikk og landbruk.
  • Vulkanutbrot kan òg gi luft-forureining.

Ein unik suvenir

– For turistar som bur i sterkt forureina område, må dette vere ein unik suvenir å ta med seg heim. For andre kan det vere ei spesiell gåve. Da kan andre få ta del i den opplevinga dei sjølve har hatt, seier Patterson til NRK.

Patterson får no hjelp til lanseringa av den luftige nyvinninga frå næringsutviklings-selskapet Nordveggen AS på Åndalsnes i Rauma.

Meir enn eit luftslott

Prosjektleiar Ane Marte Almås Hammerø i Nordveggen innrømmer at dei lurte litt da Rory Patterson kom til dei med ideen. Dei såg likevel fort at spray-flaskene kan vere meir enn eit luftslott. Frisk luft på boks er allereie butikk i Asia.

– Frisk luft på boks kan vere eit alternativ til norske troll som er produserte i Kina, trur Hammerø.

FORUREINA LUFT: I Kina lever fleire hundre millionar menneske i område med ekstrem luft-forureining.

Foto: Reinhard Krause/Reuters/NTB scanpix